Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gode nynorskvedtak i Venstre

 (06.03.2017)

Denne helga var landsstyret i Venstre samla for å vedta framlegg til nytt stortingsprogram som landsmøtet endeleg skal vedta helga 30. mars til 2. april i Ålesund.

Landsstyret i Venstre gjekk inn for ei offensiv styrking av sidemålsordninga med tidlegare start, framleis eigen karakter, styrking av nynorsk i lærarutdanninga og innføring av nynorsk i andre fag enn norsk i bokmålsområde. I tillegg ynskjer dei fleire nynorske bøker og lydbøker i barnehagar, meir nynorsk i NRK og viser ei generell positiv haldning til språk og språkleg likestilling.

– Dette er veldig gledeleg. Mållaget ynskjer Venstre til lukke med veldig gode nynorskvedtak på landsstyremøtet, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.  

Dette er vedtaka som landsstyret i Venstre går inn for:

«Styrkinga av sidemålsordninga: 
Det er viktig at elevene behersker både nynorsk og bokmål. For å sikre dette ønsker Venstre at elevene skal få sidemålsopplæring på et tidligere tidspunkt enn i dag, og at nynorskdidaktikk styrkes i lærerutdanningen. Både nynorsk og bokmål bør brukes i undervisningen, og ordningen med egen karakter i sidemål skal videreføres.

Venstre vil:
- sikre en god opplæring i både nynorsk og bokmål, og videreføre ordningen med egen sidemålskarakter
- at elevene skal få sidemålsopplæring på et tidligere tidspunkt enn i dag
- at nynorskdidaktikk styrkes i lærerutdanningen.»

Og vidare:

«Styrke nynorskopplæringen ved at alle barnehager får bøker og lydbøker på nynorsk, og innføre en nasjonal prøveordning med nynorsk i andre fag enn norsk i bokmålsområder.»
 «at NRK skal bruke minst 25 % nynorsk på alle sine plattformer» (mot tidlegare berre "verbalinnslag").

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no