Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 29. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Framleis nynorsk-nei

 (11.03.2017)

Noregs Mållag er skuffa over at landsmøtet til Høgre ikkje gjekk inn for å sikre nynorsken gjennom eigen karakter i sidemål. 

Likevel er Mållaget glad for at nynorskopposisjonen markerte seg godt på landsmøtet, og at fylkeslaga i både Hordaland og Sogn og Fjordane denne gongen leverte gode framlegg for framleis å ha sidemålsundervisning og karakter. 

– Eg synest det er underleg at eit parti som så tydeleg snakkar om kunnskap i skulen, er i stand til å føreslå at 85 % av elevane ikkje skal få kunnskap i skriftleg nynorsk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

– Når fleirtalet i Høgre vil fjerne sidemålet, fjernar dei kunnskap om kulturarv, identitet, språk og kultur både frå bokmåls- og nynorskelevar. Det er også slik at dei over 75 000 elevane som veks opp med nynorsk hovudmål, treng å møte til dømes lærarar, prestar, juristar som også kan nynorsk. Høgre sin politikk fjernar denne kompetansen frå samfunnet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no