Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Åmås vil sponse bokmålet

 (13.03.2017)

Denne veka kom mediemangfaldsutvalet med tilrådingar om ein ny mediepolitikk. Mediemangfaldsutvalet og leiar Knut Olav Åmås gjer framlegg om å vri på støttemekanismane pressa har i dag: Dei meiningsberande riksavisene (som Nationen, Klassekampen og Vårt Land) får eit mykje lågare tak for kor stor del av inntektene som kan vere pressestøtte, og vil dermed tape millionar.

– Pressestøtta har vore eit instrument for å skaffe landet mediemangfald, men mange av tiltaka blir kutta. I staden vil dei innføre eit fritak frå arbeidsgjevaravgifta, og dette skal gå til alle norske mediehus. Det tyder at ein i praksis fjernar støtta til aviser som bruker nynorsk på redaksjonell plass, mens ein kastar hundretals millionar etter aviser som kvar dag stenger nynorsken ute, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Det er på tvers av norsk språkpolitikk og sementerer eit utdatert syn på språkstoda her i landet. Kvifor staten skal hjelpe eigarane av Schibsted og andre med å auke overskotet, er for meg ei gåte. No kan staten bli den som i praksis heiar fram denne sensurpolitikken også i framtida, seier Magne Aasbrenn.

– Det er gledeleg at utvalet kjem med ordningar som sikrar dei viktige lokalavisene, men også her er nynorskperspektivet gløymt. Det blir heldigvis lagt fram gode tiltak for samisk og språklege minoritetar, men det faktum at bokmål og nynorsk også representerer eit mangfald og skal vere likeverdige språk i landet, blir ikkje handsama av utvalet i det heile tatt, påpeikar Magne Aasbrenn. Han meiner utvalet burde ha komme med framlegg om ekstra tilskot til lokalaviser som nyttar nynorsk.

Vidare er det heller ikkje sagt noko om dei tiltaka som skal vere med å bidra til betre rekruttering av nynorskjournalistar. Nynorsk avissenter, NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk pressekontor er institusjonar som burde ha vore med i innstillinga slik at dei kunne gå ei sikrare framtid i møte.

– Utvalet tar også lite omsyn til kor viktig papiravisa framleis er i distrikta. Eg synest det blir tatt for lite omsyn til kor viktig tradisjonell postkasse-distribusjon framleis er, og kor viktig inntektene frå papiravisa vil vere for media i overskodeleg framtid, avsluttar Magne Aasbrenn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no