Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 29. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nye medlemer!

 (16.03.2017)

Velkomen til dei 65 nye medlemene me har fått sidan laurdag! Då vedtok landsmøtet i Høgre at dei vil fjerne sidemålsordninga i skulen. Noregs Mållag ynskjer seg heller ei betre sidemålsundervisning.

Kunnskap i nynorsk og bokmål er ein ålmennkunnskap som dannar grunnlaget for språkleg jamstelling og for statusen til nynorsk som nasjonalspråk. Meistrar fleirtalsspråkbrukarane det mindre brukte språket vil mindretalsspråkbrukaren kunne bruke språket sitt over alt. Ei svekking av statusen til sidemålet vil få alvorlege konsekvensar for nynorsken. Noregs Mållag ser såleis på motstand mot sidemålsundervising som motstand mot nynorsk.

Vil du også bli medlem? Send NYNORSK i ei tekstmelding til 2490 (200 kr). Er du medlem frå før? Spør gjerne ein du kjenner, og hugs at me også har husstandsmedlemskap. Du kan lese meir her:www.nm.no/innmelding.cfm

Her er fem gode grunnar for sidemålsopplæring: 
1. Sidemålsundervisning gjev større språkkunnskapar, ikkje mindre.
2. Sidemålsopplæring tryggjer rettane til nynorskbrukarane.
3. Nynorsk er det einaste språket som byggjer på dei norske dialektane.
4. Når du har lært både bokmål og nynorsk, har du fridom til å velje sjølv kva språk du vil nytte.
5. Over ein halv million menneske nyttar nynorsk. Du får bruk for nynorsk!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no