Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Norske språkbrukarar treng eit sterkt Språkrådet

 (20.03.2017)

I midten av februar vart det kjent at Regjeringa vil flytta ut ein del statlege arbeidsplassar, og at Språkrådet var blant dei som skulle greia ut ulike alternativ for flytting. Styret drøfta saka i møte 18. mars og gjorde dette vedtaket:

Norske språkbrukarar treng eit sterkt Språkrådet
Stortingsfleirtalet har kome fram til at dei vil vurdere å flytte Språkrådet ut av Oslo. Noregs Mållag er uroa for at det ikkje blir greidd ut kva for konsekvensar dette kan få for brukarar av nynorsk, bokmål og dei ulike minoritetsspråka i Noreg. Dette må på plass før ei utflytting kan skje.

Språkrådet er det norske folks fagorgan for å passe på at statsforvaltinga følgjer opp den språkpolitikken Stortinget har vedteke – ein språkpolitikk staten sjølv syndar stort mot. Når det no skjer endringar i Språkrådet, må ikkje denne tilsynsrolla bli svekt.

Språkrådet er i dag eit veltrimma og effektivt fagorgan som ikkje har vore gjennom den oppsvulminga mange direktorat har vore gjennom. Med 39 tilsette seier det seg sjølv at dei åleine ikkje kan løyse alle dei store språkpolitiske oppgåvene staten har. I staden arbeider Språkrådet mykje med å spele andre delar av forvaltninga gode innanfor område som klarspråk, læreplanarbeid, språklege rettar, statleg målbruk, norsk i næringsliv og akademia og mykje meir. Dette kan vere noko meir krevjande å gjennomføre om Språkrådet er plassert utanfor Oslo.

I dag har Språkrådet ein svært kompetent stab, og ein må vente at dei fleste av desse vil søkje seg vekk dersom Språkrådet blir flytta til ein annan stad enn det sentrale austlandsområdet. Kvar femte tilsett har doktorgrad, så godt som alle har mastergrad. Det vil ta fleire år før Språkrådet er operativt på same nivå. Dette er ikkje unikt for flytting av Språkrådet, men Noregs Mållag vil peike på at ein lyt finne måtar å kompensere for dette på. Ved ei eventuell utflytting må Språkrådet bli sikra ressursar og rammevilkår til å føre vidare arbeidet minst på same nivå som i dag. Nye oppgåver og meir makt kan gjere eit utflytta språkråd til ein interessant og attraktiv arbeidsplass.

Språkrådet er avhengig av eit sterkt språkfagleg miljø rundt seg. Dette er det i dag berre dei største universitetsbyane, i praksis Oslo og Bergen, som kan tilby Språkrådet. Bokmåls- og nynorskordbøkene er nyleg flytta til Bergen, nordiskmiljøet ved universitetet i byen er sterkt og dei har i tillegg eit sterkt mediemiljø. Bergen har eit kunnskapsmiljø som gjer byen godt eigna til å gje Språkrådet spesialisert, språkfagleg kompetanse.

Stortinget har gjennom tilslutninga til Stortingsmelding 35 (2008–2009), ”Mål og meining”, stilt seg bak målet om at prinsippet nynorsk skal gjelde i Noreg: At nynorsk alltid skal reknast med og vurderast der språk blir tematisert eller brukt, og at det blir grunngitt i dei tilfella ein meiner nynorsk ikkje er ein relevant faktor. I dette tilfellet må ein vurdere både det språkfaglege og det språkpolitiske perspektivet.

Ved ei utflytting bør derfor Språkrådet få nye oppgåver. Noregs Mållag vil her peike på arbeidet med språklova. Ei ny språklov må gje Språkrådet tydelege tilsyns- og sanksjonsoppgåver overfor mellom andre skular, kommunar, læremiddelprodusentar og statsetatar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no