Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyring om NOU samisk språk

 (20.03.2017)

Som ein av svært få språkorganisasjonar i Noreg følgjer Noregs Mållag med når andre språkmiljø i Noreg tenkjer høgt om språkpolitiske spørsmål. NOU 2016:18 Hjertespråket er såleis eit svært interessant dokument å lese, med ein svært god analyse av stoda og ei rekkje gode framlegg til språkpolitiske tiltak.

Noregs Mållag vil ikkje kommentere alle framlegga, men nokre som me meiner er særskilt gode og viktige.

 

Kap 7 Ansvarsfordeling og organisering av samiske språk

Her vert det slege fast kor viktig det kommunale ansvaret for samisk språk er, og korleis avgjerder på kommunalt nivå påverkar korleis samisk språk og kultur kan utvikle seg på ein god måte. Dette er eit svært viktig poeng for at kommunane skal sjå på seg sjølve som ansvarlege og sjå at avgjerdene dei tek, kan ha stor innverknad på språkstoda. Mange stader vil kommunane vere mellom dei aller største skriftspråkprodusentane. Ved sida av å gje dei samiske innbyggjarane gode tilbod på samisk, er dei òg med og aukar omfanget av samisk i ålmenta gjennom å produsere skrift på samisk. Det er viktig for å auke statusen til språka og å gjere dei meir synlege.

Noregs Mållag stør utvalet i sitt framlegg om at «alle kommuner med samisk befolkning skal ha en plan for styrking av samiske språk og samisk kultur i sitt ordinære tjenestetilbud, og da særlig i kommunenes barnehage-, skole- og helse- og omsorgstjenester». At kommunane sjølve skal utarbeide planar for korleis dei skal styrkje samisk språk og kultur i kommunen, er ein god ide og sikrar forankring i kommunane.

 

Kap 8 Språkområdeordningen

Mållaget stiller seg bak den gode modellen for ny språkområdeordning som vert lansert. Me trur det vil vere fornuftig å skilje mellom ulike gradar av forplikting, dersom føremålet er språkbevaring eller revitalisering for ein kommune. Slik vil det vere lettare å få dei kommunane med som har fåe språkbrukarar, og å få til ein styrkt språkpolitikk i dei kommunane der språket er mykje brukt.

Vidare meiner me at om målet er å sikre samiskspråklege uansett kvar dei bur, så er det ein god ide å opne for andre måtar å innlemme kommunar i det samiske språkområdet på enn ved fleirtalsvedtak som i dag. Mållaget er samd med utvalet i at dette gjer at ein majoritet av innbyggjarane i ein kommune kan avgrense urfolk sine rettar.

 

Kap. 9 Samiskspråklig barnehagetilbud

Noregs Mållag stør heilhjarta utsegna om barnehagen som den viktigaste staden for å ta vare på og vitalisere språk. Slik vert eit samiskspråkleg barnehagetilbod heilt avgjerande for å sikre nye samiskspråklege generasjonar.

At ungar i Noreg ikkje har språklege rettar i barnehagen, er eit spørsmål som òg Noregs Mållag er opptekne av, og her er me heilt samde med utvalet i at ungar bør ha dei same språklege rettane som i grunnskulen. For samiske ungar må det vere eit fullverdig samisk barnehagetilbod der alle som ynskjer det, får tilbod om samisk språk og kultur.

I ei tid der nesten alle ungar går i barnehagen og barnehagen i større grad er ei førebuing til skule, er det viktig at barnehagen vert sedd på som det han er; viktig og tidleg språkstimulering. Difor er det viktig at barnehageområdet blir regulert i lovverket slik grunnskulen er det i dag. Det følgjer av dette at me stør utvalet når dei ber regjeringa: «utarbeide endringer i barnehageloven som sikrer at ansatte i samiske barnehager behersker samisk språk».

Noregs Mållag meiner utvalet har gjort eit svært godt arbeid med å føreslå tiltak og ordningar som vil betre situasjonen for dei tre samiske språka, og me oppmodar regjeringa om å gjere forslaga om til gjeldande politikk.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no