Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

VG opnar for meir nynorsk

 (21.03.2017)

Den 10. mars blei det publisert ein nynorsk artikkel på nettsida til VG, og dagen etter stod saka på trykk i papiravisa. Det markerer eit brot med det konsekvente forbodet VG tidlegare har hatt mot saker på nynorsk.

– At språket vårt no kjem oftare på trykk hos VG, kjennest som eit statusløft for heile nynorsken, seier Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag. Han er sjølv nynorskskrivande journalist i Klassekampen.

Gard Steiro, ansvarleg redaktør i VG, opplyser til Noregs Mållag at det har skjedd ei oppmjuking av reglane for bruk av nynorsk i avisa i det siste. Steiro fortel at det ikkje lenger er eit absolutt forbod mot nynorsk i redaksjonelt stoff. VG opnar for at journalistane kan bruke nynorsk "der det er naturleg". Avisa likestiller også bokmål og nynorsk på debattsidene.

Tittelen var ”Endeleg kan «verdas tyngste kvinne» smila igjen”, og artikkelen var skriven av journalist Jostein Matre. Saka handlar om Eman Ahmed frå Egypt, som før ein fedmeoperasjon i India vog over 500 kilo.

– Lite visste vi at det var ein fedmeoperasjon i India som skulle markere vendepunktet for nynorsken i VG. Men ja, det har stundom kjendest som verdas tyngste kamp, legg Jens Kihl til. Mållaget er svært glade for at det no er eit hôl i bokmålsveggen i VG og vil takke redaktøren for oppmjukinga av språkpolitikken i avisa.

– Håpet mitt er at han og resten av VG i framtida vil sjå at nynorsk er like naturleg å bruke i saker om fedme og Fosse. Nynorsk passar til alt, seier Jens Kihl.

Mållaget har arbeidd mot nynorskforbodet i dei store riksavisene i mange år. I 2005 stod  Noregs Mållag bak kampanjen "Slepp nynorsken til i Dagbladet og VG!" som fekk mykje merksemd og 36.000 underskrifter. 600.000 nordmenn skriv nynorsk i Noreg, men har - til no - ikkje fått møte språket sitt i redaksjonelt stoff i dei største riksavisene.

Sjølve saka i VG: Endeleg kan verdas tyngste kvinne smila igjen 
 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no