Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JANUAR 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiar i Kringkastingsringen

 (24.03.2017)

Guro Kvalnes (25) frå Ullensvang i Hardanger vart vald til ny styreleiar i Kringkastingsringen på årsmøtet i går.

Ho har ein master i litteraturformidling frå UiO og arbeider for tida som marknadskonsulent i Det Norske Samlaget. Guro Kvalnes har tidlegare vore praktikant ved NRK Nynorsk Mediesenter og arbeida i NRK Kulturnytt.

– Det er viktig at alle får sjå språket sitt i media, også nynorskbrukarar. Me vil halde fram med å arbeide for at nynorsk skal få ein rettkomen plass i media, seier Guro Kvalnes. Ho gler seg til å ta fatt i arbeidet, og det første ho gjer er å  invitere til ein open kveld med Kringkastingsringen 27. april.

– Me skal få høyre meir om handlingsplan for nynorsk i NRK av Ingvild Bryn. Det vert og debatt om språkopplæringa ved dei ulike journalistutdanningane, so det er berre å følgje med, seier Guro Kvalnes. Med seg i styret har ho Kristofer Olai Ravn Stavseng frå Stordal, Hans Olav Rise frå Ulsteinvik, Marit Heier Lajord frå Vang i Valdres, Vegard T. Foseide frå Fræna.

Kringkastingsringen er ein interesseorganisasjon som arbeider for at nynorsk, samisk og norske dialekter skal få ein rettkomen plass i media. Både at lesarane skal få sjå språket sitt, og at journalistane skal få bruke språket sitt. Organisasjonen vart skipa i 1955, og har sidan 1978 delt ut Kringkastingsprisen, sist til Arill Riise i TV2.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no