Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Høgskulen på Vestlandet

 (30.03.2017)



Frå venstre: Dekan Georg Førland ved Høgskulen på Vestlandet, Solgunn Liestøl, leiar i Karmsund Mållag og Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. (Foto: Rune Hjelmeseter)


Karmsund Mållag har gjeve målpris til Høgskulen på Vestlandet for val av nynorsk som målform. Utdelinga skjedde under årsmøtet i fylkesmållaget i Etne.

– At Høgskulen på Vestlandet har teke eit språkval om å bruke nynorsk er svært viktig for nynorsken i Haugesund og kommunane rundt, seier Solgunn Liestøl, leiar i Karmsund Mållag. Ho overrekte eit symbolsk prov på prisen, ei nynorsk grunnlov, til avdelinga i Haugesund.

Georg Førland, dekan for helsefag ved avdeling Stord og Haugesund, takka for prisen og hadde stor forståing for kor viktig det er at store institusjonar tek nynorsken i bruk. Han sa at prisutdelinga inspirterte til å ta dette arbeidet vidare. Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, var også til stades på møtet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no