Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 30. APRIL 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiar i Norsk Målungdom

 (06.04.2017)

Fredrik Hope (23) vart i helga vald som ny leiar i Målungdomen på landsmøtet i Gloppen i helga. 

– Eg ser fram til å kjempe for meir nynorsk i lærarutdanningane, seier Fredrik Hope, påtroppande leiar. 

I helga var det landsmøtet i Norsk Målungdom på Sandane i Gloppen kommune. Språkengasjert ungdom frå lokallaga over heile landet møttest for å forme organisasjonens politikk i tida framover. Målungdomen vedtok mellom anna arbeidsprogram for den neste perioden, der organisasjonen skal arbeide med det politiske programmet «Program for nynorsk i lærarutdanningane» og informasjonskampanjen «Nynorsk myteknusar».

Fredrik Hope vart aktiv i Målungdomen gjennom lokallaget på Firda vidaregåande skule, og har sete tre år i sentralstyret. Det siste året har han vore nestleiar, og ser no fram til å innta den nye posisjonen. Som den viktigaste politiske prioriteringa nemner han nynorsk i lærarutdanningane.

– I dag er det heilt tilfeldig kva nynorskopplæring framtidas lærarar får. Nokre høgskular har gode opplegg, medan andre nesten ikkje gjev noko nynorskopplæring. Det finst inga felles ordning som sikrar at lærarstudentane lærer nynorsk, eller får syne at dei kan nynorsk – sjølv om alle lærarstudentar skal kunne undervise både nynorskelevar og bokmålselevar, seier Fredrik Hope.

– Me krev at høgskular og universitet tek ansvar og gjev lærarstudentane den nynorskkompetansen dei treng. Framtidas lærar må kunne å lære vekk nynorsk, vete kva språklege rettar elevane har – i tillegg til å kunne skrive nynorsk sjølv, seier Fredrik Hope.

Med seg i sentralstyret får han Eline Bjørke frå Løten som dagleg leiar, Elise Tørring frå Lillesand som nestleiar, Frida Pernille Mikkelsen frå Førde som økonomiansvarleg og Svein Soldal Eggerud frå Stord og Åsmund Kvifte frå Osterøy som styremedlem.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no