Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i skolane og lærarutdanninga

 (19.04.2017)

Fredag 28. april er det nynorskseminar på Høgskolen i Innlandet. Seminaret rettar seg mot lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte.

– Dette er det tredje seminaret om nynorsk i skolane og i lærarutdanninga. Initiativet vart teke for å få meir merksemd om nynorsk i utdanninga på Austlandet, og då er det klart at det stort sett er aktuelt med nynorsk som sidemål, seier Jens Haugan, dosent i norsk ved Høgskolen i Innlandet og leiar i Hamar dialekt- og mållag. Han er initiativtakar til seminaret.  

Tidleg start med nynorsk

Jens Haugan er oppteken av at lærarutdanninga bidreg med kunnskap og positive haldningar til nynorsken.

– Ein ser heilt tydeleg at dei elevane som startar tidleg med nynorsk, og som møter positive og kvalifiserte lærarar, utviklar eit heilt anna forhold til nynorsk enn det mange vaksne har gjennom sine erfaringar i skolen. Då er det eit stort poeng at nynorsken er synleg og levande her på Austlandet, utan at han blir knytt til og forbunden med Vestlandet og vestnorsk, seier Jens Haugan. På seminaret kjem mellom andre Elin Heggelund Ljungquist, norsklærar på Vennersberg skole i Kongsvinger, for å fortelje om hennar erfaringar med å setje opp nynorskteater som ein del av undervisninga. Anne-Grete Fostås, norsklærar på Gausdal vgs, skal dele “Tjuvtriks i nynorskopplæringa” med deltakarane på seminaret.

Nynorsk som sidemål

– Det er få igjen som har nynorsk som hovudmål i skolane på Austlandet, og nynorsken har derfor spesielt vanskelege kår her, ikkje berre i skolen, men også i samfunnet elles. Det er kanskje meir vanleg å høyre (og lese) her at ein har ikkje har bruk for nynorsk, eller at nynorsk er noko som høyrer til Vestlandet, enn mange andre stader. Det kan også vere ei utfordring at det kan vere fleire lærarstudentar med negative haldningar til nynorsk her i regionen, og at dette då kan forplante seg vidare ut i skolesystemet slik at ein aldri kjem ut av den vonde sirkelen, seier Jens Haugan. Det er Høgskolen i Innlandet og Hamar dialekt- og mållag som saman inviterer til seminar.

Eit nasjonalt ansvar

– Det finst derfor ingen gode grunnar til at ikkje nynorsken skal kunne vere like relevant her som på Vestlandet. Utfordringa er berre at dei fleste her har valt å sjå på nynorsk som eit sidemål, mens det er fleire på Vestlandet som vel å bruke nynorsk som sitt hovudmål. Å arrangere slike seminar nettopp her i regionen er dermed viktig for å vise at nynorsk i skolane og i lærarutdanninga er eit nasjonalt ansvar som også gjeld Innlandet. Vi har to offisielle målformer i Noreg, og dei to målformene er like offisielle og likestilte i alle delar av landet, seier Jens Haugan.

– Kven kan ha nytte av å vere med på seminaret?

– Seminara har studentar, lærarar, skoleleiarar og forskarar som hovudmålgruppe, men det kjem også privatpersonar, gjerne knytte til lokale mållag. Programmet på desse seminara blir då også helst ei blanding av tema knytte til fagleg-administrative spørsmål, tips om undervisningsopplegg eller bøker, erfaringsdeling frå «gode» prosjekt og forsking rundt nynorsk som sidemål. Seminara er elles ein fin arena der ein kan møte andre studentar, lærarar, rektorar og forskarar for å dele erfaringar, og der også lærarar og studentar kan få lagt fram tema eller få presentert prosjekt dei har gjennomført.

Gode tilbakemeldingar frå deltakarar

– Det er tredje gong de inviterer til seminar. Korleis er erfaringane så langt?

– Erfaringane frå dei to første seminara er udelt positive. Det blei til og med ytra ønske om at seminara burde bli dokumenterte i form av opptak som kunne delast med dei som av ulike grunnar ikkje kunne delta. Dei to første seminara var på laurdagar, mens vi no prøver å ha seminaret på ein fredag, som då vil vere ein vanleg arbeidsdag for dei fleste. Det er  jo slik at både studentar, lærarar, rektorar og forskarar har mykje å gjere, og dessverre passar det ikkje alltid like godt for alle. Då er det bra at det berre er eit halvt år til neste seminar.

Seminaret er gratis, men det er likevel bindande påmelding sidan det vert servert ein enkel lunsj. Påmelding og informasjon: Jens Haugan, jens.haugan@inn.no eller telefon 911 95 432. 

 

Program: Nynorsk i skolane og i lærarutdanninga

10.00 Velkommen ved Jens Haugan

10.05 Jens Haugan (dosent, Høgskolen i Innlandet, leiar i Hamar dialekt- og mållag): Debatten om sidemålskarakteren

10.35 Hanne Stolt Wang (rektor, Vennersberg skole, Kongsvinger): Nynorsk på barnetrinnet – hvordan få med deg rektor på laget?

11.05 Pause

11.20 Elin Heggelund Ljungquist (norsklærar, Vennersberg skole, Kongsvinger): Menneskeungen og trollungen. Teater på nynorsk i barneskolen

12.10 Pause

12.25 Anne-Grete Fostås (norsklærar, Gausdal vidaregåande skole): Tjuvtriks i nynorskopplæringa

12.45 Guri Bordal Steien (førsteamanuensis, Høgskolen i Innlandet): Bevisstgjøring rundt egen skriftspråksidiolekt

13.25 Lunsjpause

14.00 Ingar Arnøy (skulemålsskrivar, Noregs mållag): Kva forventningar har studentane til norskfaget lærarutdanninga – og kvifor?

14.30 Reidun Kydland (rådgjevar, Nynorsksenteret): Bøker for ungdom

14.55 Avslutting ved Jens Haugan

Tilskiparar: Høgskolen i Innlandet og Hamar dialekt- og mållag.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no