Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsmøte i Arbeiderpartiet

 (20.04.2017)

I helga er det landsmøte i Arbeiderpartiet i Oslo.

I gjeldande program nemner ikkje Arbeidarpartiet nynorsken i det heile. Det var difor gledleg at framlegget til nytt partiprogram frå sentralstyret har med denne formuleringa om språkpolitikk og nynorsk:

  • Føre en aktiv språkpolitikk som gjør at norsk forblir det foretrukne språket i alle deler av norsk samfunnsliv. Nynorsken skal sikres gode utviklingsmuligheter

Partiprogramframlegget har ingen formuleringar om sidemålsordninga eller andre felt der nynorsken er viktig. Men under både grunnskule og vidaregåande skule i programmet har dei ei formulering om at dei vil gjennomføre fleire forsøk med alternative vurderings- og eksamensformer.

– Noregs Mållag legg til grunn at sidemålsordninga ligg fast. Dersom det ikkje er tilfelle, meiner vi Arbeidarpartiet bør avklare dette i god tid før valet, seier Magne Aasbrenn.

Nye framlegg

Det er landsmøtet i Arbeiderpartiet som byrjar i dag og held på fram til søndag 23. april som vedtek det endelege partiprogrammet. Landsmøtet skal også ta stilling til to endringsframlegg frå partilag i Oslo og Bergen.

Oslo Arbeidersamfunn har levert eit endringsframlegg.

Sidenummer: 65 Linjenummer: 2636 Endringsforslag: Ta ut: Føre en aktiv språkpolitikk

Sett inn: Styrke arbeidet for en demokratisk og åpen, faktabasert språkpolitikk som gjør at norsk forblir det foretrukne språket i alle deler av norsk samfunnsliv. Nynorsken skal sikres gode utviklingsmuligheter. Språkrådet skal vera statens fagorgan i språkspørsmål og ha sine noverande oppgåver.

Grunngjeving: Arbeidarpartiet sitt viktigaste bidrag i språkpolitikken er (og har vore) å sørgja for at språkpolitikken byggjer på ope tilgjengeleg kunnskap om språket, forvalta slik at resultatet blir samlande og gjev like vilkår for bokmål og nynorsk, og for dei språklege minoritetane Noreg har ansvar for.

Arbeiderpartiet Bergen har levert eit endringsframlegg.

Sidenummer: 65 Linjenummer: 2637 Tilleggsforslag: endre kulepunktet  «Nynorsk skal styrkes i skole og samfunn og sikres gode utviklingsmuligheter»

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no