Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkkafé som studietiltak

Denne vinteren og våren har Sunndal Mållag og Nils Ulvund invitert til Språkkafé for vaksne innvandrarar.

Saman med andre aktørar har Sunndal Mållag invitert til fleire Språkkaféar denne vinteren og våren. Heile 125 har vore innom språkkafeane i Sunndalen.

– Dette har vore godt motteke og veldig mange vil vere med. Om ikkje lokallaga i den fremste språkorganisasjonen i Noreg skal vere med å fremje språklæring, så veit ikkje eg, seier Nils Ulvund, leiar i Sunndal Mållag. Han er oppteken av at innvandrarane får god språkpraksis og får lært meir om lokalmiljøet dei har kome til. I tillegg meiner han det er viktig at innbyggjarane møter dei nytilflytta.

– Det er veldig flott at lokale folk får møte innvandrarane, og så vert ein kjent med kvarandre og blir kvitt fordommane sine, seier Nils Ulvund.

Nils Ulvund fortel også at dette får mykje merksemd lokalt, og det gjer at andre organisasjonar vil vere med å støtte opp om arbeidet som Mållaget gjer.

Språkkafé som studietiltak

Nils Ulvund tykkjer det er svært viktig at lokale mållag søkjer støtte hjå studieforbundet. Ein får støtte til tilrettelegging for tilbodet og ein får studiestøtte, og begge deler kjem godt med i arbeidet. Lokale mållag over heile landet er aktivt med å lagar språkkafe og språkmøter med flyktningar. Nokre stadar er våre lokale mållagsaktivistar med på organiseringa og fleire ynskjer å ta til og vere med på arbeidet med å integrere og inkludere flyktningane.

Målet er at dei nytilflytta flyktningane skal bli kjent med innbyggjane i lokalmiljøet og ikkje minst få trening i å snakke norsk. Fleire og fleire lokale mållag ser dette som eit viktig arbeidsfelt og fortel at dei vert opplevde som svært meiningsfullt.

Om støtte til studiearbeid:

Noregs Mållag er innmeldt til Studieforbundet kultur og tradisjon. Det tyder at alle lokale lag kan søkje om studiestøtte. Eit kursopplegg må vere minst 8 timar totalt og det må vere minst tre deltakarar som deltek 75 % av tida. Dessutan har Studieforbundet kultur og tradisjon ei eiga støtte som dei kallar tilretteleggingsstøtte. Og nett den støtta er oppretta med tanke på slik aktivitet.

Det er mykje spennande å lese om på nettsidene til Studieforbunet kultur og tradisjon. Er du heilt ny i dette med å søkje studiestøtte. Start med å lese denne sida: http://www.kulturogtradisjon.no/tilskudd

Om Språkkafé: Dersom du vil vite meir om korleis lokallaget får til å lage språkkafe, kontakt gjere leiar i Sunndal Mållag: Nils Ulvund: 900 27 161

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no