Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Positive takter frå Arbeidarpartiet

 (23.04.2017)

Noregs Mållag var svært nøgd då programnemnda i Arbeidarpartiet fann plass att til ei formulering om nynorsk i programmet. Det gjeldande programmet seier ikkje noko om språk, men det blir det no slutt på.

Arbeidarpartiet går no til val på denne formuleringa: «Føre en aktiv språkpolitikk som gjør at norsk eller samisk forblir det foretrukne språket i alle deler av norsk samfunnsliv. Nynorsken skal sikres gode utviklingsmuligheter».

Den profilerte nynorskbrukaren Hadia Tadjik, nestleiar i Ap, har leia programarbeidet, og ho avslutta sin tale til landsmøtet med ei setning frå Nordmannen av Ivar Aasen. At Arbeidarpartiet no seier at dei vil at nynorsken skal “sikres gode utviklingsmuligheter”, forpliktar Ap når dei no søkjer regjeringsmakt.

– Eg er veldig glad for at Arbeidarpartiet gjev si støtte til nynorsken i programmet sitt, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Han meiner dette no må få følgjer for politikken partiet fører etter valet:

– Særleg er eg oppteken av at Ap må stille seg på lag med alle landets nynorskelevar. Dei fortener betre vilkår og meir språkleg rettferd enn dei får i dag. Det håpar eg Ap kan seie seg einig i.

På landsmøtet låg det føre to endringsframlegg for ei styrking av språkpolitikken:

Oslo Arbeidersamfunn ville styrkje formuleringane slik: «Styrke arbeidet for en demokratisk og åpen, faktabasert språkpolitikk som gjør at norsk forblir det foretrukne språket i alle deler av norsk samfunnsliv. Nynorsken skal sikres gode utviklingsmuligheter. Språkrådet skal vera statens fagorgan i språkspørsmål og ha sine noverande oppgåver».

Medan Arbeiderpartiet i Bergen vil ha inn denne formuleringa: «Nynorsk skal styrkes i skole og samfunn og sikres gode utviklingsmuligheter». Ingen av desse framlegga kom med i det endelege vedtaket.

Partiprogramframlegget har ingen formuleringar om sidemålsordninga eller andre felt der nynorsken er viktig. Men under både grunnskule og vidaregåande skule i programmet har dei ei formulering om at dei vil gjennomføre fleire forsøk med alternative vurderings- og eksamensformer.

– Noregs Mållag legg til grunn at sidemålsordninga ligg fast. Dersom det ikkje er tilfelle, meiner vi Arbeidarpartiet bør avklare dette i god tid før valet, seier Magne Aasbrenn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no