Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fritt Ords Pris til Dag og Tid

 (24.04.2017)

Stiftinga Fritt Ords Pris 2017 blir tildelt avisa Dag og Tid for å skapa grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg alvorleg, set sine eigne dagsordenar og er eit raust rom for særs ulike røyster, melder Fritt Ord

– Det er svært gledeleg å høyre at Dag og Tid har fått Fritt Ords pris. Dette er verkeleg ei avis som held ordet fritt utan å stryke lesarane med håra, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

I kvar utgåve finn eg fleire artiklar som gjer at eg kjenner meg meir opplyst, og som regel minst ein som gjer meg forbanna. Eg har òg to gåveabonnement som eg held gåande i tillegg til mitt eige, og kvar veke føler eg at eg gir bort kvalitet. Og så er avisa på nynorsk, da.

Riksdekkjande nynorskavis 

Dag og Tid er den einaste riksdekkjande nynorskavisa, og den er eit sjeldsynt innslag i det norske medielandskapet. Snarare enn å følgja trendane utgjer avisa ein annleis offentlegdom, skriv Fritt Ord. 

Den tek ofte opp motstraums tema i journalistikken sin og undersøkjer andre saker enn mange andre medium. Vekeavisa følgjer nøye med i norsk matpolitikk og utviklinga av primærnæringane, og er oppteken av verdiskapinga som skjer over heile landet. Dag og Tid driv også skarp og konkret mediekritikk, og er grundig i analysane av den offentlege økonomien. Avisa legg vekt på kritikk og meldingar av kunst og kultur, men òg av arkitektur og by- og bygdemiljø. Dessutan byr avisa på noko så sjeldan i norsk presse som humor. 

40 000 lesarar 

Avisa Dag og Tid har kome ut sidan 1962, blir redigert på nynorsk og legg særleg stor vekt på stoff om kultur og politikk. Den første redaktøren var Arthur Klæbo. Sidan 2001 har Svein Gjerdåker vore ansvarleg redaktør. Opplaget er nær dobla i same perioden, i 2016 var netto opplagstal på 11 211 eksemplar. Vekeavisa har kring 40 000 lesarar. Dag og Tid er eigd av om lag 1000 aksjonærar.

Fritt Ords Pris er høgste utmerkinga til stiftinga. Den årlege prisen er på 400 000 kroner. Med prisen følgjer Fritt Ord-statuetten, laga av Nils Aas. Prisutdelinga finn stad måndag 8. mai 2017 i Den Norske Opera & Ballett i Oslo. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no