Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Haram, Masfjorden og Selje går for nynorsk!

 (24.04.2017)

Noregs Mållag gler seg over at Haram kommune, Masfjorden kommune og Selje kommune har starta overgangen til nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar.

– Det er svært gledeleg at desse kommunane tek steget over til nynorsk opplæring. Det er eit heldig val både for innvandrarane sjølve, kommunane og for nynorsken, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Etter at Noregs Mållag starta kampanjen for nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar, har heile 14 kommunar skifta opplæringsspråk. Etter det Mållaget kjenner til er det totalt 51 kommunar som gjev opplæring på nynorsk eller har vedtak om å gå over til nynorskopplæring.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no