Bokpakketilbod til lokale mållag
(28.04.2017)

Noregs Mållag samarbeider med dei to forlaga Skald og Samlaget om å få dei beste nynorske barnebøkene ut til barnehageborn.
Det er viktig at born møter nynorsk frå dei er små. Det vil styrke deira haldning til nynorsk og deira eiga språkutvikling. Mange lokallag gjev bøker til barnehagar, og dette er godt og nyttig målarbeid. Dei to forlaga kan no tilby kvar sine bokpakkar med ferske bøker til ein veldig rimeleg pris.
Mållaget vonar mange lokallag vil nytte seg av tilbodet. Det er sjølvsagt høve til å tinge til fleire barnehagar. Kan det tenkjast at kommunen eller andre aktørar også vil verte med på laget?
Les meir om bokpakketilbodet her: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10319,10573
|