Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny rammeplan utan nynorsk

 (28.04.2017)

Regjeringa har lagt fram ny rammeplan for barnehagen utan å nemne nynorsk med eit ord. Noregs Mållag er veldig skuffa over at rammeplanen ikkje sikra retten for ungar i nynorskområde til faktisk å møte språket sitt i barnehagen.

Noregs Mållag har spelt inn i høyringsrunden at rammeplanen særskilt bør peike på dei særskilde utfordringane ungar i nynorskområde har med å lære eit mindre brukt språk som dei ser mindre av rundt seg, enn ungar i bokmålsområde gjer. Difor er det særleg viktig å understreke i rammeplanen at i nynorskområde må språkstimulering og utvikling av språkforståing og språkkompetanse i barnehagane gå føre seg på det språket ungane skal lære i skulen. Som framtidige elevar av eit mindre brukt språk treng dei å sjå, lese og høyre meir av språket sitt rundt seg. Det dei treng, er meir språkstimulering på nynorsk.

I den gjeldande rammeplanen finst alt ei rekkje formuleringar om samiske born sin rett til å møta samisk i barnehagen. Det viser at språkregulering i barnehagen er mogleg og naudsynt.

Noregs Mållag synte i høyringssvaret vårt til våre røynsler frå vitjingar i barnehagar i nynorskområde, der alt for mange av dei er dominerte av bokmålslesing og synging. Der ungane nesten ikkje møter det språket dei skal lære seg å skrive på skulen i barnehagen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no