Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny film med nynorsk teksting

 (04.05.2017)

I morgon har Richard Storken premiere på norske kinoar med undertekstar på både nynorsk og bokmål.

– Det er særs gledeleg at Euforia Film sjølv har teke initiativet til å tekste filmen på begge språk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

Dette er ein av dei fyrste barnefilmane med norske stemmer som vert teksta. Initiativet har kome frå Hørselshemmedes landsforbund, som har som mål at alle dubba barnefilmar som kjem på kino i 2017 vert viste med tekst.

Noregs Mållag arbeider for at tospråkleg teksting vert standardløysinga for norske filmar.

– Det er viktig at det norske språket og språkmangfaldet blir tatt vare på i populærkulturen for barn, og det gjeld både dei norske røystene og teksting, seier Magne Aasbrenn.

Richard Storken hadde verdspremiere på Berlinalen i februar, og var opningsfilm under Barnefilmfestivalen i Kristiansand. Filmen er seld til over 150 land.

– Vi oppmodar alle kinoar til å bruke den nynorske tekstinga, seier Magne Aasbrenn. 

Les meir om filmen her: www.filmweb.no/film/article1291700.ece

Les meir om prosjektet til HLF her: www.hlf.no/barnefilm

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no