Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Lag nynorskklasse Bokpakketilbod Mållovsarbeid Kven, kva og korleis i Noregs Mållag Tid for årsmøte Årsmeldingsskjema Nynorsk i organisasjonslivet Verving i praksis Økonomi Studiearbeid Barnehagekampanjen Medlemsregister Kulturlotteri Praktisk mediearbeid Nynorskstafett Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vel nynorsk for barnet ditt!

Ti elevar er nok til å få ein eigen nynorskklasse på skulen til barnet ditt. 

Mållaget har laga eit heilt nytt flygeblad der du får svar på kva er ein nynorskklasse, korleis fungerer det og kvifor nynorskklasse? Sjølv om barnet ditt skal gå på ein bokmålsskule, er det likevel fullt mogleg å velje nynorsk som opplæringsspråk. 

Dersom foreldra ynskjer det, kan alle skular i landet tilby nynorskundervisning frå 1. klasse. Om foreldra til minst 10 av elevane vel nynorsk som opplæringsspråk, blir det oppretta ein nynorskklasse på skulen der barnet ditt skal gå. 

I flygebladet er det også eit intervju med Sigrid Kleiva Gramstad og Malin Häggkvist Wallin frå Oslo som gjekk i nynorskklasse på Sagene skole. 

Du kan laste opp ein PDF-versjon som ligg nedanfor. Eller du kan tinge det nye flygebladet gratis frå Krambua.  Les meir om nynorskklasse på nynorskklasse.no 

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no