Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk litteraturpris til Ruth Lillegraven

 (12.05.2017)

Ruth Lillegraven har fått tildelt Nynorsk litteraturpris 2016 for boka Sigd. I dag fekk ho diplom og blomar. Ho har gjeve ut prisen på Tiden forlag og Mattis Øybø har vore redaktør for boka. 

Ruth Lillegraven er frå Granvin i Hordaland og bur i Bærum. Noregs Mållag, Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret deler kvart år ut Nynorsk litteraturpris. Prisen er på 30 000 kroner.

– Dette er ei sterk og fascinerande diktsamling som på originalt vis teiknar opp ein lagnad, og viser oss korleis kvar og ein av oss er ein del av noko større, samstundes som ein aldri kan bli noko anna enn den ein vart, skriv juryen mellom anna i grunngjevinga. Prisen vert delt ut på ei tilstelling i Oslo i ettermiddag. 

Ragnar Hovland, Siri Ingvaldsen og Ingrid Weme Nilsen har site i juryen for Nynorsk litteraturpris.

Heile grunngjevinga frå juryen:

Nynorsk litteraturpris 2016 går til ei uvanleg vakker diktsamling som fører saman fortid og notid, kultur og natur, og som skildrar korleis eit menneskes blod, slit og tårer blir meisla inn i omgjevnadene rundt, og blir verande der til evig tid. Diktsamlinga utmerker seg med si særeigne rytme og sterke bilete.

Individ og fellesskap, identitet og enkeltmenneskets desperate ønske om å ikkje skuffe dei som har vore der før er blant dei tema diktsamlinga tar opp. Samstundes er dette ei bok som er full av overraskingar og humor. Midtvegs tar historia plutseleg ei heilt uventa vending, noko som opnar auga til både hovudperson og lesar på ein slik måte at ein nesten kjenner det som ein oppdagar verda på nytt.

Dette er ei sterk og fascinerande diktsamling som på originalt vis teiknar opp ein lagnad, og viser oss korleis kvar og ein av oss er ein del av noko større, samstundes som ein aldri kan bli noko anna enn den ein vart.

Boka vart gjeven ut på Tiden Norsk Forlag.

Prisutdelinga er i dag, fredag 12. mai klokka 16 på skrivarstova til Noregs Mållag, Lilletorget 1.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no