Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Endeleg nynorsk på iPhone og iPad

 (22.05.2017)

No slepp iPhonebrukarane å irritere seg over at mobiltelefonen rettar språket til bokmål. Her jublar Kirsti Lunde (f.v), Synnøve Marie Sætre og Per Henning Arntsen for nynorsktastatur. (Foto: Erik Grov) 

I fjor lanserte Swiftkey som fyrste aktør eit nynorsk tastatur for androidtelefonar, og no fylgjer dei opp med iOS-tastatur til iPhone, iPad og iPod touch.

– Dette er veldig gode nyhende for nynorsken, for no vert det endå lettare for mange å bruke nynorsk i kvardagen, seier Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk Målungdom. – I tillegg er det flott for alle oss nynorskbrukarar som har iPhone!

– Det er få stader folk skriv så mykje som på nettbrett og mobil. Det gjer dei til svært viktige arenaer for språket vårt. At ordlista på tastaturet også finst på nynorsk, burde vore sjølvsagt, seier Sætre.

Norsk Målungdom og Noregs Mållag har lenge jobba for å få meir nynorsk på digitale flater, og dei jublar for at SwiftKey har teke initiativ til eit nynorsk tastatur.

– Eg har sjølv vore med og testa tastaturet, og det fungerer veldig bra, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

SwiftKey er ei gratis programvare tilgjengeleg for nedlasting i App Store og Google play. Mobiltastaturet finst på over 100 språk på 250 millionar einingar over heile verda.

– Me veit at språk er uløyseleg knytt til å ta vare på kultur og ynskjer å medverke til å oppretthalde det språklege og kulturelle mangfaldet i verda, seier SwiftKey om språksatsinga si.

Synnøve Marie Sætre tykkjer det er strålande at SwiftKey tek eit språkleg ansvar som få andre i same bransje tek. Når Swiftkey no har gått føre, vonar ho at fleire produsentar ser til SwiftKey og fylgjer opp med å tilby programvare og operativsystem for mobil og nettbrett på nynorsk.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no