Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fyldig og god språkpolitikk, men dårleg slagord frå MDG

 (23.05.2017)

Miljøpartiet Dei Grøne sin språkpolitikk var ei gledeleg overrasking for målrørsla før førre stortingsval. Og no er dei klare for valet til hausten med ein framleis like solid språkpolitikk.

Det er gledeleg å sjå at formuleringane frå førre val ikkje berre var eit eingongstilfelle, men at MDG med dette stadfestar sin gode språkpolitikk, seier Magne Aasbrenn.

At det vesle partiet MDG våren 2013 skulle vedta den mest ekspansive språkpolitikken av alle partia var det få som venta. No har dei på ny vedteke program før eit stortingsval og språkpolitikken med eit klårt minoritetsperspektiv er med.

MDG vil starte sidemålsundervisinga i barneskulen, dei vil ha eigen karakter i sidemål og sikre utviklinga av nynorske læremiddel til vaksne innvandrarar.

Likevel er det eit skår i gleda:

Trass i ein god språkpolitikk er eg likevel litt i stuss over at MDG lanserer slagordet "Ta vare på fremtiden", seier Magne Aasbrenn. Her kan dei lett vise den positive nynorskhaldninga i praksis med å skifte til "Ta vare på framtida" som går bra på både nynorsk og bokmål.

Dette har MDG vedteke på landsmøtet i helga:

- Det språklige mangfoldet i Norge er en viktig kulturell verdi og ressurs som må ivaretas og dyrkes. De Grønne vil la språkmangfoldet synes og høres i hverdagen og utnytte mulighetene det gir. Likestilling mellom nynorsk og bokmål må realiseres og norsk tegnspråk må få offisiell status.

- Bevare nynorsk som sidestilt med bokmål i offentlig kommunikasjon.

- At sidemålsopplæringen starter allerede i barneskolen gjennom bøker, sang og lek.  

- Håndheve og styrke elevenes språklige rettigheter, som retten til lærebøker på hovedmålet.

- Videreføre ordningen med karakterer i sidemål.

- At elever som er fritatt fra sidemålsundervisning også møter litterære tekster og sakprosa på sidemålet

- Sikre videre utvikling av nynorskspråklige læremidler og læringsressurser for voksne innvandrere.

- Støtte universitets- og høyskolesektoren i utvikling av norsk fagterminologi, for å hindre domenetap til engelsk.  

- Gi støtte til digitale, fritt tilgjengelige norske ordbøker.

- Fremme og styrke flerspråklig kompetanse i relevante yrkesgruppe

 

Her kan du lese stortingsvalprogramvedtaka frå alle dei ni største partia i Noreg

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no