Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stipend til nynorsk Brann-blogg

 (29.05.2017)

Atle Berge er tildelt nynorskstipend frå Noregs Mållag for bloggen «Branndagboka». Stipendet er på 50 000 kr. Han fekk stipendet på Brann stadion før kampen mellom Brann og Ålesund. 

Bloggen dokumenterer livet hans som omreisande supporter av Sportsklubben Brann. Målgruppa er først og fremst andre Brann- og fotballinteresserte, men dei livlege skildringane av opp- og nedturar i livet for ein med eit hjarte som står i Brann, er morosam lesnad også for dei som berre er interesserte i god nynorsk.

– Nokre sjeldne skribentar kombinerer eldhug for fotball, humor og god skriveevne. Det ser ein til dømes i Fotball-VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad. Branndagboka står seg i dette selskapet, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.  

Branndagboka inneheld hyppige dagboksnotat og statusoppdateringar frå supporterlivet med foto og videoklipp – nesten frå minutt til minutt. I tillegg finn ein lengre tekstar som skildrar supporterkvardagen og andre Brann-fenomen i ein meir skjønnlitterær stil. Brann-podcasten «Bønder i Drammen» er også under vegs.

Branndagboka.no eksponerer mange som sjeldan les tekstar på nynorsk for dette språket. Som forfattaren sjølv, kjem mange brannsupporterar frå områda rundt Bergen. Frå før viser fotballklubbar som Sogndal og Hødd og fotballbladet Josimar at fotball er minst like fint på nynorsk, og Branndagboka.no er enda eit døme på det.

– Dette er kanskje det kjekkaste skriveprosjektet eg har halde på med, og det hadde ikkje vore mogleg for meg å bruke så mykje tid på tekstane utan denne økonomiske støtta, seier Atle Berge.

Atle Berge er frå Hjelmtveit i Lindås, men bur no i Hokksund. Han har gitt ut ein serie fotballbøker for barn om Barcelonagjengen og tre romanar for vaksne.

Det er ei løyving frå Kulturdepartementet som gjer at Noregs Mållag kvart år kan dele ut to stipend til styrking av nynorsken på nye område. Stipenda er på 50.000 kroner, og det eine skal gå til ein mann og det andre til ei kvinne. Førre veke fekk Kristine Ullaland stipend for bloggen «Grønare kvardag»

Bilete av Atle Berge og Magne Aasbrenn på Brann-kamp: http://files.zetta.no/www-nm-no/_bilete/img_8915.jpg (Foto: Live Havro Bjørnstad)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no