Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hans Olav Tungesvik (1936 – 2017)

 (19.06.2017)

Det er med stor sorg Noregs Mållag har motteke melding om at Hans Olav Tungesvik er død. Tungesvik er den som har sete lengst i leiarstolen i Noregs Mållag, heile fem år frå 1965 til 1970. I 2014 vart han utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag på landsmøtet på Gardermoen. 49 år etter at han tok til som leiar, var han då framleis ein aktiv mållagsaktivist både lokalt, nasjonalt og ikkje minst innanfor partiet KrF.

Hans Olav Tungesvik var leiar i Studentmållaget i Oslo i 1959 og var med og tok initiativet til at Noregs Mållag fekk ein eigen ungdomsorganisasjon i 1961: Noregs Student- og Elevmållag, seinare Norsk Målungdom. På landsmøtet i Noregs Mållag same året vart Hans Olav Tungesvik vald inn i styret på fyrste varaplass som den aller fyrste ungdomsrepresentant i mållagsstyret.

Som leiar gjekk han ned til halv stilling i sitt vanlege arbeid for å arbeide for målsaka. Trass i at det var harde kampar om rettskriving i desse leiaråra, var han med på å drive fram svært viktige ordskifte om politisk strategi for ei ny tid. I 1967 vart programmet «Målreising 1967» lagt fram med Berge Furre som formann i nemnda.

Ei sak han sjølv framheva frå tida som leiar av Mållaget, var stiftinga av Akademiet i Rauland. Det vart eit folkehøgskuletilbod som gav ungdom frå heile landet godhug for målsak og norsk kultur. I dag er Akademiet ein del av Høgskolen i Søraust-Noreg.

Med bakgrunn i systematisk arbeid frå Noregs Mållag og Hans Olav Tungesvik vart det lovfesta i den nye Grunnskulelova i 1969 at lærebøkene på nynorsk og bokmål skulle kome til same tid og pris i den 9-årige grunnskulen. Men i gymnaset møtte tusenvis av elevar framleis mest berre bokmål på tavle og i bøker. I 1971 var tilliten til departementet og bokmålsforlaga på eit nullpunkt. I oktober 1971 gjekk 30 000 ungdomar i streik for at nynorskelevane skulle få retten til å få lærebøkene på sitt eige språk. Desse ungdomane trong allierte, og dei fekk hjelp av den tidlegare leiaren i mållaget som hjelpte til med å få saka inn i Stortinget. I 1974 vart kravet om jamstilling mellom nynorsk og bokmål også lovfesta i Lov om videregående opplæring. Men framleis var det slik at staten løyvde altfor lite pengar til å stette lovkravet. I 1977 vart det lagt fram ei stortingsmelding om læremiddelproduksjonen.

Frå 1977 vart Hans Olav Tungesvik vald inn på Stortinget, og som sekretær og medlem av Kyrkje- og undervisningskomiteen bidrog han vesentleg til at komiteen fekk spesifisert og skjerpa krava til parallellutgåver på nynorsk og bokmål. Han følgde saka tett gjennom dei åtte åra han sat på Stortinget. I 1980 hadde løyvingane auka til 18 millionar kroner, frå 200 000 kroner i 1971.

Tungesvik fekk ein lang karriere som inneheldt allmennpolitikk, forfattarverksemd, speidarverksemd, trim og trening, misjon, institusjonsbygging innan psykisk helse og mykje til. Mediemann var han også: Særleg stor lukke gjorde han med radioprogrammet «Eit kvarter med legen», ein serie som gjekk på NRK i mange år frå 1970. All denne aktiviteten gjekk sjølvsagt føre seg på nynorsk og bidrog til å allmenngjere nynorsken for folk i landet.

Sjølv om han gjekk av som mållagsleiar i 1970, heldt han heile livet fram med å vere ein markant målaktivist. Han aksjonerte når banken flytte frå bygda, og skipa møte og aksjonar for det lokale mållaget i Skånevik.

Då Noregs Mållag vitja Skånevik med Nynorskstafetten i høve Ivar Aasen-året 2013, stilte 77 år gamle Hans Olav Tungesvik som leiar i Skånevik Mållag med eit strålande dagsprogram som sikra både godt oppmøte og engasjement lokalt for målsaka. Det var ein veldig glad og stolt far som var med på landsmøtet i Tromsø i 2005 då sonen Steinulf Tungesvik vart vald til leiar i Noregs Mållag.

I 2014 var han sentral i arbeidet for å få med KrF til å røyste for ei nynorsk grunnlov, og då lova skulle vedtakast på Stortinget, sat han på galleriet og fekk sjå og høyre den høgtidlege røystinga frå kvar og ein av stortingspolitikarane. På landsmøtet i 2016 var han til stades. Den siste tida arbeidde han for nynorskopplæring for vaksne innvandrarar.

Hans Olav hadde i tillegg til aktivismen og gløden for målsaka òg ei særskild evne til å løfte andre. Det vanka alltid hyggelege og oppmuntrande ord, og han var tvers gjennom eit godt menneske som det var ei glede å samtale med. Eg er glad for at eg sjølv fekk lære Hans Olav å kjenne. Han var ein sentral person for oss i Mållaget, både historisk og i dag. Vi kjenner ei sterk medkjensle med kona Liv og familien som mista han så brått.

Det går ei bein line frå Ivar Aasen og dei fyrste målmennene til denne store idealisten. Alle målfolk er gode målfolk, og alt målarbeid er godt målarbeid. Like fullt er det somme som anten ved tilfelle eller på grunn av livet sjølv eller gjennom handlingane sine får store eller større konsekvensar for livsvilkåra til nynorsken. Ein av desse var Hans Olav Tungesvik. I Noregs Mållag lèt han etter seg eit stort sakn. Han var den som alltid gjekk oss andre til hande når noko stod på. No får vi sjølve prøve å vere meir som han.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag

Biletet er henta frå festmiddagen på landsmøtet på Gardermoen i 2014, då Hans Olav Tungesvik vart utnemndt til heidersmedlem i Noregs Mållag.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no