Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Noregs Mållag:

– Ikkje la eksamensavviklinga styre språkpolitikken

 (23.06.2017)

– Ein kan ikkje setje heile sidemålsordninga i spel på bakgrunn av eit mandat om å sjå på organiseringa av eksamensdagane. Dette er offentleg norsk språkpolitikk, og han kan ikkje endrast berre for å gjere eksamensavviklinga meir praktisk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Dersom Kunnskapsdepartementet vel å gå vidare med endringar av norsk språkpolitikk, må det ut på ei brei høyring.

Ei arbeidsgruppe sett ned av Kunnskapsdepartementet har kome med framlegg til tre ulike modellar som kan gi fleire opplæringsdagar og færre eksamensdagar for elevar på VG3. Arbeidsgruppa skriv i rapporten at det mest interessante alternativet er eit eksamensopplegg der sidemålseksamen vert lagd til slutten av VG2.

Norsk er eit modningsfag. Det er ein fordel for elevane å trene på å skrive nynorsk og bokmål gjennom alle tre åra i vidaregåande skule. Det er også ein pedagogisk fordel for lærarane å kunne bruke denne vekslinga mellom skriving på bokmål og nynorsk.

Ordninga kan òg vere problematisk i språkdelte område:

– Mange klassar på studieførebuande er språkdelte og har ei blanding av elevar som har nynorsk som sidemål og bokmål som sidemål. Korleis skal lærarane i desse klassane handtere ei satsing på sidemål i 2. klasse når «sidemål» omfattar begge språka, spør Magne Aasbrenn.

Noregs Mållag ser ei heilt anna, og enklare løysing:

– Noregs Mållag vil enkelt og greitt ha to jamstilte og obligatoriske norskeksamenar på to ulike dagar ved slutten av 3. klasse, slik det var før trekk-eksamen i sidemål blei innført.

Den modellen arbeidsgruppa seier er mest interessant, kan ha eksamen i 3. klasse: Ved å flytte den føreslåtte obligatoriske sidemålsdagen for 2. klasse til 3. klasse. Ifølgje modellen skal VG2 ha sidemålseksamen på fredagen i eksamensveka. Den dagen er VG3-elevane sett opp med fri. Om VG3-elevane heller har sidemålseksamen denne dagen, vil dei da få tre skriftlege eksamenar over fem dagar, noko som bør vere akseptabelt. Arbeidsgruppa føreslår allereie at elevar på påbygging, som tar VG3-fag på eitt år, skal ha obligatorisk sidemålseksamen den dagen.

Her er rapporten arbeidsgruppa har laga: https://www.udir.no/organisering 

Dette meiner Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet: https://www.utdanningsforbundet.no/nyheter/2017/bred-enighet-om-endringer-i-eksamensperioden-i-videregaende/ 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no