Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Seminar på Fagernes

 (01.07.2017)

Austmannalaget, Buskerud Mållag og Valdres Mållag inviterer til seminar på Valdres folkemuseum på Fagernes laurdag 16. september og sundag 17. september 2017. 

Tema for seminaret er: Kva lokal- og fylkeslag kan by på til ungar i barnehage og skule og til utlendingar og innvandrarar?

Overnatting og middag vert på Hotell Scandic Valdres.

PROGRAM:

Laurdag 16. september:

11.00 Registrering og lunsj

12.00 Barnehagebesøk. Innhald ved Reidun Dølehuset

13.00 Kulturbarnehagen ved Anne Lajord Belsheim

14.00 Skrivekonkurranse ved Ingun Kompen og Reidun Dølehuset

14.35 Kronikk-konkurranse ved Aud Søyland

14.45 Pausemat

15.15 Dialektprosjektet i Hemsedal ved Tori Snerte

16.30 Nyare nynorsk barnelitteratur ved Linn T. Sunne

Ferdig for dagen klokka 17.30. 

19.00 Festmiddag!

Kåseri ved Olav Norheim. Dans og spel ved Ingebjørg Hegge Bratrud, Håkon Håvelsrud Odden og Sindre Tronrud.

 

Sundag 17. september: Dialekt- og nynorskopplæring for utlendingar og vaksne innvandrarar

09.30 Suggestopedi. Når læring går som ein leik, blir det artig å prate dialekt ved Hanne Lykkja

12.00  Lunsj

13.00  Nynorsk for utlendingar og innvandrarar ved Toril Kristin Sjo

14.15  Frå Pablo Neruda til Ivar Aasen, ei språkleg og kulturell reise ved Cecilie Solar

15.00  Seminarslutt. Kaffi, te og noko attåt


Pris:
Seminarpakke med overnatting på dobbeltrom: 750 kr
Seminarpakke med overnatting på enkeltrom: 1195 kr
Seminar med middag, utan overnatting: 500 kr
Seminar utan middag og overnatting: 300 kr (150 kr per dag)
 

Påmelding så snart som råd, og seinast 25. august, til Marianne Straum på e-post: mstraum@hotmail.com.

Meld frå om du vil ha einskild-rom eller dobbelt-rom.

Velkomne!

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no