Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Pris til Anders Totland

 (01.07.2017)

Anders Totland fekk i år tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for 2016 for boka Engel i snøen. På ei markering i høve Dei nynorske festspela vart prisen delt ut med diplom og blome. (Begge foto: Åge Andre Breivik)

Ungdomsboka er gjeven ut på Gyldendal Norsk Forlag. Det er den fyrste ungdomsboka Anders Totland har gjeve ut, og boka var også ein del av årets lesekampanje Tid for ti. 

Det var Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, som stod for sjølve prisutdelinga. Prisen er på 30 000 kroner, i tillegg til diplom og blome. Gudrun Kløve Juuhl, Marthe Frette og Knut Åge Teigen har site i juryen. 

– Sjølve lesinga av vinnarboka tek ikkje lang tid, men inntrykka sit lenge att. Ein sår og sterk roman som tek ungdom på alvor, skriv juryen mellom anna i grunngjevinga. 

Dette grunngjevinga frå juryen:

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2016 har skrive ein stillferdig ungdomsroman om eit av dei store tema i litteraturen, døden. Boka er kort og lettlesen, men forfattaren klarar å formidla mykje varme, trøyst og refleksjon i den 80-sider lange forteljinga både i og mellom linjene.

Handlinga i boka føregår på eit sjukehus der eg-personen er pasient. Me vert også kjende med fleire andre av pasientane, alle born, slik som eg-personen. Det vert ikkje sagt kva type sjukdom borna har, men det er nærliggjande å tru at det dreier seg om kreft. Skildringane og eg-personen sine tankar om kvardagen og det som skjer på avdelinga, er skildra kort og nøkternt. 

Sjølv om tematikken er tung og boka stillferdig, er boka tilgjengeleg for mange fordi ho ikkje er fullpakka med tekst. Boka imponerer fordi ho nærmar seg døden på ein lågmælt måte, med respekt for forteljaren og det ho ikkje vil snakka om. Boka har mykje vemod i seg, men vert aldri for sentimental. 

Mykje av styrken til boka ligg i alt det som ikkje vert uttalt og ikkje vert sagt. Dette gjer boka løyndomsfull og mystisk, men på ein måte som mange ungdomslesararar truleg vil vera i stand til å gripa. Der andre ungdomsbøker verkar opptekne av at det skal skje mest mogleg med eit mest mogleg ungdomsaktig språk for å halda på lesaren, held denne boka seg i stilla og ventinga. Det er flott og modig gjort, og gjennomført på ein elegant måte.

Samspelet mellom tekst og illustrasjonar i boka er med på å forsterka stemninga og kjenslene forteljinga skapar. Snø er eit gjennomgangstema både gjennom ord og bilete, som til dømes faren si forteljing om snøkrystallar som «kjem ut av ingenting og svevar gjennom verda ei kort stund, uendeleg vakre og heilt spesielle.» 

Sjølve lesinga av vinnarboka tek ikkje lang tid, men inntrykka sit lenge att. Ein sår og sterk roman som tek ungdom på alvor. Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2016 er Anders Totland med boka «Engel i snøen».       

 

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no