Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil du skrive rapport om nynorsk i norske redaksjonar?

Noregs Mållag samarbeider med fleire andre institusjonar om ein pamflett om korleis redaksjonar kan auke bruken av nynorsk på papir, nett, i radio og på tv.

Det er utarbeidd ein førebels disposisjon som både inneheld gode føredøme ute i Medie-Noreg og konkrete arbeidsverktøy og -metodar redaksjonane kan nytte.

Gjennom informasjonshenting, samarbeid med dei ulike institusjonane som er med i prosjektet - og redaksjonar i landet som nyttar nynorsk i kvardagen, skal arbeidet munne ut i reportasjar og faktatekstar som til saman gjev eit oversyn over korleis redaksjonar som ønskjer å auke nynorskprosenten, konkret kan gå fram. I tillegg ønskjer vi at du lagar ei standardinnleiing (presentasjon og manus) bygd over rapporten. Du bør kunne levere foto frå reportasjane. Konkretisering av disposisjonen, rettleiing undervegs og redigering i etterkant vil skje saman med eit redaksjonsråd på 2–3 personar frå oppdragsorganisasjonane. 

Vi reknar arbeidet til å vere om lag seks vekesverk, og fristen er 1. desember (men gjerne før). Prosjektet er plassert i ltr. 40–50 (statens lønsregulativ) alt etter bakgrunn og ansiennitet. Vi kan stille med arbeidsplass i Oslo om du ønskjer det. Du bør rekne med noko reising for å vitje ein del av redaksjonane du skal skrive om. Forventa omfang er 20–30 sider tekst. 

Kontakt nestleiar og prosjektleiar Jens Kihl (992 31 490) for fleire opplysningar.

Frist: 13.  juli. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no