Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Valmøte i Bergen

 (11.08.2017)

Kva er nynorsken sin status som jamstilt skriftspråk? Noregs Mållag, Hordaland Mållag og Odda Mållag inviterer til ope møte og paneldebatt framføre stortingsvalet.

Tradisjonen tru inviterer ein til debatt i Bergen om nynorsk framføre valet. 21. august kl 18.00 kjem målfolk og politikarar til Litteraturhuset for å inspirerte og provoserte (?) til vidare innsats for å reell språkleg jamstilling. Møteleiar er Vigleik Brekke, informasjonsrådgjevar i Fjell kommune.  

Innleiingar:

• Sidemålsstilen, ein føresetnad for språkleg jamstilling ved Åse Wetås, direktør i Språkrådet

• Målkrava framføre stortingsvalet ved Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag

• Kvifor er sidemålsstilen så viktig for ein nynorskkommune? ved Gunhild Berge Stang, ordførar i Fjaler

• Trygge nynorskbrukarar i språkdelte ungdomskular ved Helga Mannsåker, doktorgradskandidat

• Språkdelte ungdomsskular frå ein elevsynsstad ved Liva Thiis, Sørfjorden Målungdom

I panelet:

Jette F. Christensen (AP), Torkild Åmland (Frp), Liv Kari Eskeland (H), Gunvor Sønnesyn (KrF), Kjersti Toppe (SP), Idun Bortne (V), Anna Sofie Ekeland Valvatne (SV), Øyvind Strømmen (MDG) og Terje Kollbotn (R).

Fritt tilgjenge!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no