Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bokmålsfleirtal på Orstad og Gjøra

 (12.09.2017)

Samtidig med stortingsvalet var det skulemålsrøystingar på Orstad skule på Klepp i Rogaland og ved Gjøra skule i Sunndal på Nordmøre.

På Orstad var det lenge klart at det ville bli ein hard kamp om skulen skulle halde på nynorsk som opplæringsmål. Ingen av dei nye førsteklassingane i år har skrive seg inn med nynorsk som hovudmål. Sluttresultatet ved røystinga blei 506 røyster for bokmål og 351 for nynorsk etter låg valdeltaking der berre 50,8 % av dei røysteføre avgav stemme.

Ei eventuell endring av skulemålet på Orstad skule blir endeleg avgjord av kommunestyret i Klepp. Endringa skal gjelde for nye førsteklassingar frå og med neste skuleår. Elevane som allereie går på skulen, skal få halda fram med vala dei har tatt. Så lenge Orstad er nynorsk-skule, har nynorsk-elevane rett på undervising i eigne grupper i «skriftlege fag» uansett kor få dei er. Blir Orstad bokmålsskule, må nynorsk-gruppene ifølgje lova vera på minst 10 elevar.

I skuleåret 2016–17 var det 307 elevar ved Orstad skule, 229 hadde bokmål hovudmål og 78 hadde nynorsk.

– Viss det er foreldre på Orstad som ønskjer nynorsk for ungane sine, så kan dei forventa at Klepp Mållag stiller opp og hjelper til for å få det til, seier Else Berit Hattaland, leiar i Klepp Mållag til Jærbladet. Ho håpar at mobiliseringa og folkerøystinga i alle fall har bidrege til diskusjon og refleksjon rundt språk i Orstad-krinsen.

Gjøra i Sunndal i Møre og Romsdal er ein liten grendaskule med 15 elevar i 1.–7. klasse fordelte på tre klassar. I røystinga der fekk bokmål 86 stemmer og nynorsk 36 stemmer. Det var 4 blanke stemmer i eit val der 126 røysteføre i skulekrinsen deltok totalt.

Noregs Mållag takkar alle aktivistar som har stått på for at desse skulane skal halde på nynorsken. Vi er lei oss for at ikkje arbeidet førte fram i denne omgang, men håpar at det kan bli etablert nynorske parallellklassar ved Orstad og at stoda ved Gjøra kan bli endra om ei planlagd samanslåing med ein naboskule blir realisert.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no