Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk motivasjonsdag!

 (26.09.2017)

Det blir Nynorsk motivasjonsdag på Det Norske Teatret tysdag 17. oktober klokka 14-18. Seminaret rettar seg inn mot norsklærar i 5.-10.klasse i Oslo og Akershus. Seminaret er gratis! Det blir godt fagleg påfyll og det blir servering av mat og drikke. 

Forfattar Lars Mæhle skal snakke om skriving og formidling til ungdom. 

Torgeir Dimmen, leiar på Nynorsksenteret, skal snakke om god nynorskopplæring i morgondagens skule. 

Og Anne Marta V. Vadstein, rådgjevar ved Nynorsksenteret, skal snakke om god start med nynorsk på mellomtrinnet og erfaringar frå Tidleg start-prosjektet. 

Nynorsk motivasjonsdag vert laga av Oslo Mållag, Bærum Mållag, Fylkesmållaget Vikværingen og  Utdanningsetaten i Oslo kommune er medarrangør. Påmeldingsfristen er 1. oktober.

Framsyninga på teateret denne kvelden er The Book of Mormon

Send påmelding til: nynorsk.er.kult@gmail.com

Vel møtt!

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no