Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

13 000 medlemer!

 (29.09.2017)

I fjor hadde me det høgste medlemstalet på 25 år, men me gjev oss ikkje med det! I år har me sett oss som mål å bli 13 000 medlemer.

Me vonar du og andre målfolk vil vere med på aksjonen! Me har både oppdatert og laga nytt vervemateriell, for å gjere jobben så enkel og morosam som mogeleg. Me har også laga masse spanande profileringsmateriell for å gjere oss meir synlege, og vonar at så mange lag som mogeleg vil tinge og bruke dette! Alt kan tingast på tingingsarket eller i krambua. Dette skal me få til!

Det er to ting lokale mållag kan gjere:
1. verve nye medlemer
2. få dei ikkje-betalande medlemene dykkar til å betale (ringe dei etter siste purring i september)

Husstandsmedlem: Om to med same adresse ynskjer å vere medlem i Mållaget, kan den eine bli husstandsmedlem og betale halv pris av vanleg sats. Husstandsmedlemen får ikkje tilsendt eiga avis. Innmeldingsprisen på 200 kroner er den same for alle. Husstandsmedlemer kan registrere seg på www.nm.no, eller sende e-post til medlem@nm.no.

Her er våre tips for å lukkast med vervinga:
1. Hugs at folk berre treng å få spørsmålet «Vil du bli medlem?». I verste fall får ein eit nei
2. Hugs at me har husstandsmedlemskap: ein medlem som bur på same adresse som ein fullt betalande medlem, får halv pris av vår sentrale sats, og får ikkje Norsk Tidend i posten. Innmeldingsprisen på 200 kr er den same.
3. Start med dei næraste (familie og vener). Send ei melding på Facebook og spør!
4. Medlemer som ikkje har betalt, kan bruke konto nummer 3450 19 80058, og merkje betalinga med kva det gjeld. Ta kontakt om de lurar på prisen i dykkar lag.
5. Om laget har eiga facebookside, tilrår me å lage eigen kampanje og sponse han i nærområdet dykkar. Ta kontakt om de vil ha hjelp til grafisk formgjeving.

Vervetevling

Som motivasjon i vervearbeidet skipar me vervetevling mellom lokal- og fylkeslaga om å verte beste vervelag. Den gjeve premien er bokpakker til ein verdi av over 2500 kroner, og ikkje minst heider og diplom på landsmøtet i Vinje i april 2018. Både prosentvis auke og faktisk auke vert premiert.

Slik blir du medlem i Noregs Mållag?  Gå til www.nm.no/innmelding.cfm eller send ei tekstmelding med NYNORSK til 2490, og du vert medlem ut 2018 for berre 200 kroner. 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no