Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nytt mållag i Lom og Skjåk

 (04.10.2017)

Nytt styre i nytt lag: Frå venstre: Julie Garmo, Ragnhild Kolden, Olav Bruheim Kvåle, Elin Husom Slålien og Kari Anne Skjaak. Beate Stø er også ny styremedlem, men var ikkje til stades då biletet vart teke. (Foto: Marit Aakre Tennø)

Dagen før Diktardagane inviterte interimstyret for Lom og Skjåk dialekt- og mållag til oppskipingsmøte på folkebiblioteket i Lom.

Erfarne målfolk trudde at det ville kome om lag åtte-ti til møtet. Men arrangørane måtte bere inn nye stolar, og det stogga ikkje før det var 29 frammøtte. Då var det god stemning på folkebiblioteket i Lom.

– Vi hadde venta ei tid med oppskipingsmøte og så tok vi det i samband med Diktardagane. Det var både karfolk og kvinnfolk i alle aldrar. Det var eit verkeleg positivt møte. Vi har dyktige bibliotekarar og eit godt folkebibliotek i Lom med mykje arrangement, fortel Elin Husom Slålien, nyvald leiar i Lom og Skjåk dialekt- og mållag.  

– Kvifor har du sagt ja til å verte leiar i lokallaget?

– Eg har lært meg å bli hjelma glad i nynorsken etter utdanninga og etter å ha vore i arbeid. Eg arbeider i Skjåk kommune og her er administrasjonsspråket nynorsk. Eg føler eg uttrykkjer meg meir ekte på nynorsk. Eg har blitt ein ihuga nynorskforkjempar, smiler Elin Husom Slålien.

– Eg har lyst til å bidra til at fleire av dei som får valet mellom nynorsk og bokmål, vel nynorsk, til dømes i vidaregåande skule.

Nynorsk i reiselivet

Det nye laget skal dekkje kommunane Lom og Skjåk. Tidlegare har Skjåk hatt eige lokallag, men ikkje Lom. No er det valt eit styre med styremedlemer frå begge kommunane. På spørsmål om kva saker som kan vere aktuelle for det nye laget å arbeide med, nemner Elin Husom Slålien to saker.

– Spesielt Lom er ein reiselivskommune og det er viktig å gje positiv merksemd til reiseliv og næringsliv som profilerer seg på nynorsk. Det er mange norske turistar som kjem til våre kommunar, og då er det bra om dei vert møtte på nynorsk. Eg blir så glad når eg ser næringsliv og reiseliv bruker nynorsk. Eg meiner det vert meir ekte og gjev truverde.

Ei anna sak som er aktuell, er norskopplæringa for vaksne innvandrarar. I kommunane i Nord-Gudbrandsdalen er undervisninga for dei vaksne innvandrarane på bokmål, medan borna lærer nynorsk på skulen.

– Eg trur det ville vere mykje betre om både born og vaksne lærte nynorsk og kunne hjelpe kvarandre, seier Elin Husom Slålien.

Medlemstalet er jamt aukande. Nett no har laget 39 betalande medlemer og fleire har meldt seg inn siste året.

Norsk Tidend 4 / 2017
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no