Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

100 nye medlemer!

 (06.10.2017)

Noregs Mållag veks og veks! No har vi passert 12 500 betalande medlemer og målet er å greie å bli 13 000 betalande medlemer i løpet av året. 

– I fjor hadde Mållaget det høgste medlemstalet på 25 år, men vi gjev oss ikkje med det! Vi har sett oss som mål å nå 13 000 betalande medlemer innan året er omme, og no treng me all hjelpa me kan få, seier Erik grov, vervegeneralen på skrivarstova. 

Frå 1. oktober gjeld nyinnmeldingar også for 2018. 

– Vi meiner at di fleire vi er, di sterkare står nynorsken, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Både i framkant og i etterkant, og på den store vervedagen på sundag 1. oktober er det kome til over 100 nye medlemer. Det er også slik at alle i styret og på skrivarstova lyt trå til når det vervekampanje. Som Oddny Miljeteig seier: Folk treng berre å få spørsmålet «vil du bli medlem?». I verste fall får ein eit nei. Kva med å sende ei melding på Facebook, eller ringje slekt og vener?

For å lukkast med verveaksjonen er me avhengige av lokallaga våre. Lokal- og fylkeslaga har fått tilbod om masse nytt profileringsmateriell, og mange lag planlegg vervestandar utover hausten.
– Vi har veldig trua på å gjere lokallaga våre meir synlege. Det er ingenting som er betre enn personleg verving på stand, seier Erik Grov. 

 Bli med du òg! Gå til www.nm.no/innmelding.cfm. For nye medlemer gjeld medlemskapen ut 2018. 

Les meir om vervekampanjen Me går for 13 000! 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no