Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Statsbudsjettet: Saknar visjonar for nynorsken

 (12.10.2017)

– Nok ein gong kjem regjeringa med eit budsjett utan visjonar på vegner av nynorsken, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Noregs Mållag ønskte seg eit løft på årets statsbudsjett, men nok ein gong kjem regjeringa med eit budsjett utan visjonar på vegner av nynorsken, seier Aasbrenn seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Me tek på oss tunge oppgåver som staten skulle hatt ansvar for og har 200 lokallag som driv kultur og opplæringsaktivitetar over heile Noreg. Noregs Mållag er for at nynorsken ikkje skal verta oversett og at rettane til nynorskbrukarane vert følgde. Noregs Mållag ønskte seg ein million i auka løyving for å styrke arbeidet for nynorsk og håper framleis eit slikt løft er mogeleg, seier Aasbrenn.

Mållaget er særleg uroa for den usikre situasjonen som Landssamanslutninga for nynorskkommunar nok ein gong har kome opp i. Dei gjer ein stor innsats for at born og unge skal møte meir nynorsk på nett, gjennom ulike nettsatsingar med Framtida.no i spissen. Neste veke lanserer dei Framtida Junior for dei yngre borna. Dette er svært effektive og billege tiltak på eit felt der nynorsk verkeleg treng draghjelp. LNK må inn att i budsjettet.Det er òg skuffande at Vinjesenteret ikkje er prioritert. Senteret treng byggemidlar for å realisere senteret for dikting og journalistikk i Vinje. Alt i alt er dette eit budsjett som nok ein gong syner ein mangel på vilje til å løfte dei gode nynorskprosjekta og såleis hjelpe til med å bygge fleire rom for nynorsken.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no