Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen 2017 til Gard Steiro

 (17.10.2017)

– Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld, skreiv Tarjei Vesaas. Vi vil at folk skal føle den fridomen når dei møter ein journalist frå VG, at dei kan få uttrykke seg som dei sjølv ønskjer. Vi vil vere ei avis for heile Noreg, heile folket si avis. Da kan vi ikkje seie: Null nynorsk her i garden, sa Gard Steiro, ansvarleg redaktør i VG, då han tok imot Målprisen 2017 frå Noregs Mållag.

 I Noregs Mållag er vi overtydde om at nynorsk er naturleg i alt slags stoff i pressa, og vi helsar utviklinga i VG velkommen. Det at VG no opnar for nynorsk, aukar motivasjonen for å lære språket hos skuleelevar over heile landet. VG tar med dette eit ansvar for at også nynorskskrivande skal få møte språket sitt i rikspressa, sa Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, då han overrekte Målprisen 2017 på vegne av styret i Mållaget. 

Det var prisutdeling på Det Norske Teatret i høve ein motivasjonsdag for lærarar i Oslo og Akershus. I takketalen opna Gard Steiro med å takke styret i Noregs Mållag for prisen. 

– På vegne av VG vil eg takke styret i Noregs Mållag. Dette er ei stor ære. Sjølv ein innbarka bladfyk blir litt audmjuk i ei slik stund.

Vi journalistar får ikkje så mange godord, i alle fall ikkje frå andre, utanfor vår eigen krins. Derfor har vi funne opp ei rad prisar og utmerkingar som vi raust deler ut til kvarandre. Sjølvskryt er vi flinke med i mediebransjen.

Etter kvart har det blitt så mange prisar at vi har mista teljinga. Og sjølvsagt er det stas med pressepokalar, men ekstra gjevt er det når - ein sjeldan gong - nokon som ikkje høyrer til i pressebrorskapet - skikkelege folk - gjer stas på ein.

Så må det seiast: Det er litt rart å stå her som ansvarleg for VG og få ros frå Mållaget. Eg er usikker på om alle forgjengarane mine ville ha sett på det som ein siger. Og rett skal vere rett: Sjeldan har nokon fått ein pris for så lite. Samanlikninga er kanskje ikkje heilt treffande, men eg føler meg litt som  Barack Obama må ha følt seg då Jagland gav han fredsprisen.

Og når eg ser på lista over dei som har fått prisen før VG, vil eg gjerne understreke det opplagte: Både Kjartan Fløgstad, Olaug Nilssen og Hellbillies har nok gjort meir for nynorsken enn det vi i VG kan skryte av. Men eg forstår at vi kanskje har gjort noko som ikkje er uviktig, noko som i alle fall har symbolsk verdi. I såfall er det bra.

Forbodet mot nynorsk i VG blei oppheva i mars i år. Vi håpte at det ikkje skulle bli så mykje styr, at folk ikkje skulle leggje merke til at journalist Jostein Matre sneik inn nokre a-endingar i artikkelen: Verdas feitaste kvinne, Eman Ahmed Abd El Aty.

Nokre stussa kanskje over at akkurat dette blei artikkelen som varsla gjennombrotet for nynorsk i VG. Men valet var heilt bevisst. Den første artikkelen på nynorsk skulle ikkje handle om målstrid, vegar i Vaksdal eller Agnes Ravatnes siste roman. Det skulle vere ei heilt vanleg nyheitssak, ei slik sak som alle forventar å få på bokmål. Det var heile poenget.  

Men a-endingane blei oppdaga, og styr blei det. Eg sat på eit fly til San Fransisco da artikkelen blei publisert. Da eg slo på telefonen ved landinga var lista over dei som hadde ringt meg så lang at eg rekna med det var krise og at vi hadde gjort noko alvorleg gale.

Kvifor? spurde mange. Handlar det om målsaka? Nei, det gjer ikkje det. Og ikkje ga vi etter for press heller. Eg må skuffe dei i målrørsla som trur oppmjukinga var eit resultat av dei årlege protestane mot riksmedia. Om eg skal gje eit råd til dei som vil ha meir nynorsk, må det vere å bruke litt meir gulrot og litt mindre rituell pisking.

I VG har vi ingenting imot at fleire både les og skriv nynorsk, men det er inga kampsak for avisa. Motivet var eit ganske anna. Det handla om respekt for lesarane, alle lesarane.

"Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld," skreiv Tarjei Vesaas. Vi vil at folk skal føle den fridomen når dei møter ein journalist frå VG, at dei kan få uttrykke seg som dei sjølv ønskjer. Vi vil vere ei avis for heile Noreg, heile folket si avis. Da kan vi ikkje seie: Null nynorsk her i garden.

Det er noko respektlaust over aviser som nektar å sitere Jon Fosse, diktaren verdig til Grotten, på nynorsk. I ei digital verd, der lesarane fyller kommentarfelta med smilefjes, underlege forkortingar og engelsk slang, er det gamaldags å tvihalde på berre ei målform for journalistane.

Vi skal tenkje på lesarane. Dei fleste av dei liker best bokmål. Derfor vil dei aller fleste artiklane i VG vere som før. Men når saka eller intervjuobjektet gjer det naturleg å bruke nynorsk, er det lov. Det skjer med jamne mellomrom både på nyhende – og debattsidene. I dag skreiv Esther Moe godt om krenkomani – på nynorsk. Vi har ingen strenge reglar. Eg har tillit til at journalistane bruker sitt gode skjønn.

Er det ein risiko? Eg trur ikkje det. Etter at den første bølgja hadde lagt seg, har det vore sørgjeleg stille. Ingen protestar, ingen lesarstorm, ingen tapte inntekter. Vi kunne, burde kanskje, gjort dette for lenge sidan. Det var inga komplisert sak.

Kva håper vi å oppnå? Eg trur ikkje papiropplaget vil auke, men eitt håp har eg; Mediene er i krise. Ikkje berre ramlar gamle forretningsmodellar saman. Tilliten til oss minkar også. Nokre politikarar og grupperingar ser det som si oppgåve å svekke journalistikken. Det offentlege ordskiftet blir fragmentert. Folk samlar seg i bobler. Betalingsmurar stengjer fri flyt av informasjon. Den felles offentlegheita er under press.

I ei slik utvikling er det svært viktig å ha nokre breie, allmenne media som mange les. Media som gir oss ei felles forståing av korleis samfunnet er og ein plattform for eit rasjonelt offentleg ordskifte. VG ønskjer å vere eit slikt ope, inkluderande mediehus med respekt for folk anten dei bur på Sogn, Oslo eller i Sogn ved fjorden. Håpet mitt er at VG skal vere ein møteplass for heile folket. Oppmjukinga av ein forelda språkregel må sjåast i lys av denne ambisjonen.

Takk for prisen.
 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no