Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk med dei minste

 (26.10.2017)

Tidleg og systematisk innsats med språk gjev barn ein fordel i møte med skulen. Barn som skal ha nynorsk som opplæringsmål, treng å møte skriftspråket sitt frå dei tek til i barnehagen.

Boka er den fyrste større publikasjonen som tek føre seg arbeid med nynorsk språkstimulering med dei minste. Her er vitskaplege artiklar om grunnar for å drive systematisk språkstimulering på nynorsk, om korleis språk og nynorsk blir omtala i årsplanane til barnehagane, om barneskriftkultur, om dialektar og stadnamn som pedagogisk ressurs, om litteratur og kvalitet, og sjølvsagt om lesing og skriving på nynorsk i barnehagen. I boka finst ei rad framlegg til didaktiske opplegg i spennet frå nynorske songar til nynorske appar, og dessutan kunstnariske bidrag frå kjende barnebokforfattarar. 

Målgruppa er studentar, faglærarar og forskarar i høgare utdanning, tilsette i barnehagar og skular og alle som arbeider med nynorsk språkstimulering i praksis og administrativt.

Eli Bjørhusdal (Høgskulen på Vestlandet) og Ingvil Brügger Budal (NLA Høgskolen) er begge førsteamanuensisar i norsk og har lang røynsle frå arbeid i lærar- og barnehagelærarutdanningane.

Boka kjem 30. oktober og du kan førehandsbestille den allereie no. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no