Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstafetten 2017

 (26.10.2017)

Nynorskstafetten er på vegen att. Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, og Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom tok denne veka fyrste etappe i Valdres.

Det er fjerde året Noregs Mållag og Norsk Målungdom reiser på nynorskstafett. I år vitjar me 14 lokallag i 17 kommunar på tre veker. Stafetten byrjar i Valdres med Sør-Aurdal, Etnedal, Vestre-Slidre, Nord-Aurdal og Øystre Slidre. Dei komande vekene står Hallingdal og Hordaland for tur.

Lærerikt og hektisk

Det går veldig bra. Det er mange varierande inntrykk, men mest positive, fortel Magne Aasbrenn på telefon frå Fagernes. Han har nettopp vore i møte med kommunen og skal vidare til nokre mindre nynorskskular. I går kveld var det kulturkveld og ordskifte i Nord-Aurdal.

Tysdag var det Jakob Sande-kveld i Etnedal. Det var ein del av kulturveka i kommunen, med godt oppmøte og god stemning. Økonomikonsulent Per Henning Arntsen stod på stand utanfor lokalet med vervemateriell, jakkemerke og flygeblad.

Mange er positive til å bli med i Mållaget, og då er det moro å stå på stand, seier han.

Målferd

Skulane er tek godt mot oss og elevane er interesserte, fortel Fredrik Hope. Han har vore på målferd og treft elevar i både ungdomsskulen og på Valdres vidaregåande skule.

Det er ein tydeleg samanheng mellom kva kommunane gjer for nynorsken og kor mange nynorskelevar det er i kommunen, seier han. Det store språkbytet i Valdres kjem på vidaregåande skule, men det er heilt tydeleg at også elevane er opptekne av å ta vare på dialekta, seier Fredrik Hope.

Til Hallingdal i neste veke

Neste veke byrjar vi i Vang i Valdres og reiser vidare til Gol, Hemsedal, Hol og Ål. På laurdagen køyrer vi til Voss for å stå på stand med Voss Mållag. Den siste veka er vi i Vaksdal, Bergen, Askøy, Fjell og til slutt Sund.

Vi sest!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no