Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk redaktørpris til Gard Steiro

 (01.11.2017)

Gard Steiro på talarstolen på haustmøtet til Norsk Redaktørforening i Bergen. Foto: Ole Petter Pedersen, Mediemållaget

Gard Steiro, ansvarleg redaktør i VG har fått Nynorsk redaktørpris for 2017 av Mediemållaget. Steiro får prisen for å ha opna opp for nynorsk på redaksjonell plass i VG.

– Når Mediemållaget i år feirar 40 år, og vi dessutan står framfor feiringa av 200-årsdagen til Aasmund Olavsson Vinje, pressemannen som alle norske mediefolk står på akslene til, er det gildt å kunna tildela nett denne prisen, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget. 

Det er styret i Mediemållaget som er jury for prisen. Føremålet med prisen er å heidra dei redaktørane som gjer ein innsats for nynorsk som mediespråk. Den vart delt ut i dag på haustmøtet til Norsk Redaktørforening i Bergen.

Styret skriv dette i grunngjevinga for prisen: Opninga for nynorsk på redaksjonell plass i VG er ei historisk vending. Det viser språkleg leiarskap og forståing for språksituasjonen og nynorsk som jamstilt riksspråk. Opninga for nynorsk er i ånda til jamstellingsvedtaket frå 1885.

Ansvarleg redaktør Gard Steiro har eit respektfullt og inkluderande syn på lesaren og  set det i samanheng med ønsket om at mediehuset han er leiar for skal vera for heile folket. Dette inngår i ei forståing for kor avgjerande eit inkluderande og vidt offentleg ordskifte er for media, for styrking av tillit og mindre fragmentering.

For alle lesarar, men særleg for born og unge som skal læra å finna si eiga skriftlege røyst, er det vesentleg å møta aksept for språket sitt i dei store media, anten det er på papir eller andre plattformer. I vår digitale verd er vegen til denne lesaren over heile landet kortare og enklare enn før. At nett VG vil publisera artiklar på nynorsk om mange tema, er eit signal til nynorskbrukarar om at språket er likeverdig og like brukande i alle samanhengar som bokmål, at jamstellinga og mangfaldet har verdi.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no