Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

KrF og Venstre vil ha meir nynorskpengar inn i budsjettet

 (02.11.2017)

Me gler oss over at KrF og Venstre vil auke fleire nynorskpostar i sine alternative statsbudsjett. Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Samlaget, Hordaland Teater og Noregs Mållag er mellom dei som vil kunne få auka tilskot om framlegga går gjennom. Venstre vil også gje tilskot til det nye Vinje-senteret i Telemark.

Dette er fantastiske nyhende, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.
Framlegget frå regjeringa var utan synlege visjonar for nynorsken. Framlegga frå Venstre og KrF syner ein heilt annan vilje, og me håpar verkeleg at partia får gjennomslag i forhandlingane med regjeringa. Eg er optimistisk, og har stor tru på at partia kan greie dette, seier Aasbrenn.

Magne Aasbrenn er særleg nøgd med spennet i nynorskpakkene.
– KrF og Venstre har funne midlar til LNK, Samlaget, Hordaland Teater og Noregs Mållag. Venstre har også ein post til Vinje-senteret. Nynorsken treng alt dette. Det er særleg gledeleg at LNK og Framtida.no er inne att. Det er viktig at barn og unge møter nynorsk på skjerm, og det er viktig at dei får halde fram med det gode arbeidet dei har gjort i fleire år. Om framlegga går gjennom, vil det styrke nynorsken over heile fjøla, seier Aasbrenn.

Framlegga syner at det er politisk vilje i Stortinget til løfte fram nynorsken.
 Representantane Tore Storehaug (KrF) frå Sogn og Fjordane og Terje Breivik (V) frå Hordaland er to sterke nynorskrøyster på tinget, og me er takksame for innsatsen deira, seier Aasbrenn. Noregs Mållag møter i ettermiddag til høyring i Familie- og kulturkomiteen i Stortinget.

Venstre vil ha fylgjande auke i tilskot:
LNK: + 1,2 mill.
Hordaland Teater: + 1 mill.
Samlaget: + 1 mill.
Noregs Mållag: + 1,1 mill.
Nynorsk kultursentrum, Vinje: + 1,6 mill. (basisutstilling).
Nynorsk kultursentrum, Vinje: + 1 mill. (driftstilskot).
Venstre ynskjer ei auke i pressestøtta. 


KrF vil ha fylgjande auke i tilskot:
LNK: + 1, 2 mill
Hordaland Teater: + 1 mill.
Samlaget: + 0,5 mill.
Noregs Mållag: + 1 mill.
Pressestøtta: + 15 mill.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no