Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Framlegg til valnemnda

 (08.11.2017)

 

Valnemnda har starta arbeidet sitt og vil gjerne ha framlegg frå organisasjonen til aktuelle styremedlemer. Alle fylkeslag, lokallag og einskildmedlemer kan koma med slike framlegg. Styret vert valt på landsmøtet, som skal vera 13. – 15. april 2018, i Vinje.

For at valnemnda skal få høve til å handsama alle framlegg som kjem inn, må dei sendast seinast 31. desember til:

Valnemnda i Noregs Mållag ved Steinulf Tungesvik, Lilletorget 1, 0184 OSLO eller på e-post: steinulf@gmail.com Telefonnummer til valnemndsleiaren er 918 05 620. 

Vi har no toårige landsmøteperiodar. Styremedlemer skal framleis veljast for to år i gongen, og såleis står alle styremedlemer på val.

Kva bør framlegget innehalda:

  • Namn på og kontaktinformasjon til den de føreslår

  • Kva bakgrunn og kompetanse vedkomande har, gjerne verv, røynsler m.m. både i og utanfor Noregs Mållag

  • Telefonnummer til ein person valnemnda kan kontakta som kjenner den de føreslår, til dømes framleggsstillaren sjølv, eller andre som kan svara på spørsmål om kompetanse m.m. (Det kjem gjerne framlegg til valnemnda på personar som valnemnda ikkje kjenner.)

Dette arbeidsåret er styret er samansett slik:

Leiar: Magne Aasbrennvald fyrste gong i 2016

Nestleiar: Jens Kihlvald i 2016 (sat også 07–09 og 10–12)

Styremedlemer: Ingrid Fiskaastyremedlem frå 2014 (1. vara 13–14)

Peder Lofnes Haugestyremedlem frå 2016

Inger Vederhusstyremedlem frå 2016

Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem frå 2016

Fredrik Hope, vald direkte av NMU

 Varamedlemer:

1. Haakon Aasevara frå 2016 (styremedlem 14–16)

2. Birgitta Lim Erlandvara frå 2016

3. Randi Lohndal Frestadvara frå 2012

4. Øyvind Fennevara frå 2014

Desse er med i valnemndaSteinulf Tungesvik (leiar), Ragnfrid Trohaug, Marit Krogsæter, Sigbjørn Hjelmbrekke, Åsmund Kvifte (vald av NMU).

Varamedlemer: Mats Kvaløy-Bjørbekk, Øystein Vangsnes, Aud Søyland, Kirsti Lunde (NMU) og Øystein Sandve (NMU).

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no