Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Samlaget blir 150 år!

 (08.11.2017)

I 2018 fyller Det Norske Samlaget 150 år. No inviterer prosjektleiar Guro Kvalnes og Samlaget lokale mållag i Noregs Mållag til å ta del i jubileet og ein Nynorsk lesefest.

Idéen er at det i mars og april 2018 blir skipa til ei heil rekkje med møter, seminar, lesekveldar, bokkveldar, skulebesøk, barnehagebesøk, litteraturvandringar under namnet Nynorsk lesefest. Kanskje i form av temakveld med forfattarbesøk eller seminar?

Jan Inge Sørbø er aktuell med storverket Nynorsk litteraturhistorie våren 2018. Anne Gunn Halvorsen skriv morosamt om korleis vi bør leve liva våre, og Maria Parr trollbind sitt publikum med sin nye roman Keeperen og havet – den nynorske litteraturen er levande og mangfaldig! 

Det Norske Samlaget har to konkrete tilbod:

1. Føredrag med Jan Inge Sørbø og nynorsk litteraturhistorie til 3000 kr. Sørbø kan tilpasse føredraget til lokale forhold. Reisekostnadar kjem i tillegg til honorar. Frist for å tinge Sørbø er 15. desember.

2. Samlaget stør arrangement som er knytt til jubileet med 1000 kr. 

For innmelding av arrangement, spørsmål om tinging av forfattarbesøk, tinging av materiell eller idéar til gode tilskipingar, kontakt prosjektleiar Guro Kvalnes på g.kvalnes@samlaget.no. Mobiltelefon: 991 22 834 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no