Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Meland Mållag 100 år!

 (14.11.2017)

Haakon Aase (t.v), leiar i Meland Mållag, er ikkje misnøgd med å ha fått 5000 kroner i jubileumsgåve frå ordførar Øyvind Oddekalv. Nestleiar Åse Grønsnes syner fram stiftingsprotokollen frå 1917. (Begge foto: Magne Aasbrenn)

Det var stor jubileumsfest med over seksti festdeltakarar som feira at Meland Mållag er 100 år i helga. I Norgardsløa på Frekhaug i Nordhordland blei det servert sosekjøtt, sviskekompott og topp underhaldning med korsong av det eigne koret Måltrastane og med Jazz på strilamål med Reidar Konglevoll med band.

Haakon Aase, leiar i Meland Mållag, leia festkvelden, og han kunne sleppe til talarar frå nær og fjern, blant dei ordførar i Meland Øyvind Oddekalv og leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn.

I talen sin sa ordføraren blant anna at Mållaget måtte vere på vakt slik at ikkje den store innflyttinga til Meland gjorde bokmålspresset på skulen for stort. Aasbrenn la vekt på at Meland var prov på at om eit lag var "sovande" i nokre år, så hindra ikkje det at det kunne bli levande igjen. Frå 60-talet til 1981 var det lite aktivitet i Meland, men så skaut arbeidet fart på nytt.

Haakon Aase heidra fem tidlegare lagsleiarar som var til stades, og så blei avslutninga på den offisielle delen av programmet at festlyden song "Nordmannen" ståande. Ikkje usannsynleg at opphavsmann Ivar fekk det med seg, der han står på sokkel hundre meter lengre ned i gata på Frekhaug. Frå 1843-1884 budde Ivar Aasen i Meland og laga dei første grammatikk-utkasta her.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no