Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sentrumspartia sikrar nynorsk-gjennomslag

 (22.11.2017)


Venstre og KrF har fått til ei språkpolitisk satsing for nynorsken i forhandlingane om nytt statsbudsjett med regjeringa.

– Noregs Mållag er veldig glade for dei auka løyvingane til både oss, Det Norske Samlaget og mange andre gode tiltak. Det viktigaste er likevel at løyvinga til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er på plass, og sikrar gode nynorsktiltak for barn og unge, som Framtida, Framtida junior og Pirion, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Han vil spesielt peike på Terje Breivik i Venstre og Tore Storehaug i KrF:

– Nynorskbrukarane har mange vener på Stortinget. Dette er to av dei viktigaste. Dei veit å prioritere nynorskspørsmål også når ein må prioritere hardt. 

LNK får ei påplussing på 1,2 millionar, Noregs Mållag får 1,1 million ekstra, Vinje-senteret får 1,6 millionar, produksjonstilskotet til aviser aukar med 5 millionar, Hordaland Teater får 1 million ekstra og Det Norske Samlaget får ei løyving som ligg éin million over regjeringas opphavlege utkast

Aasbrenn takkar for løyvinga på vegner av dei nesten 13.000 medlemene i Noregs Mållag.

– Dette statsbudsjettet er eit løft for nynorsken, og for Noregs Mållag er det eit kjærkome økonomisk løft. Vi vil bruke pengane godt, til det beste for nynorsken. Både unge og eldre nynorskbrukarar skal tene på dette. Det er lite som gjev meir nynorsk for pengane, slår Magne Aasbrenn fast.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no