Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stafetten i mål

 (23.11.2017)

Sotra:Siste dag på Nynorskstafetten 2017 . Frå venstre: Hege Lothe, Live Havro Bjørnstad og Elise Tørring. (Foto: Hege Lothe)

I løpet av tre veker i oktober og november fekk femten kommunar i Valdres, Hallingdal og på strilelandet vitjing av Nynorskstafetten.

– Nynorskstafetten har mange funksjonar. Det viktigaste er nok at det politiske miljøet i kommunane lyt tenkje gjennom og svare på korleis dei brukar nynorsk i kvardagen. Dette gjer dei meir medvitne, og det er viktig, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Han var med på fyrste etappe, og reiste Valdres på kryss og tvers i fem dagar. I Sør-Aurdal møtte stafetten den fyrste snøen, men lét seg ikkje stogge av den grunn. Mannskapet hadde lange dagar for å rekkje over det omfattande programmet lokallaga hadde organisert.

Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom og Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, opna Nynorskstafetten med ei veke i Valdres. (Foto: Per Henning Arntsen) 

Gjev kunnskap

– Vi lærer mykje om korleis nynorsken vert brukt eller ikkje brukt lokalt i Noreg. Det kan vere viktige deltaljar om korleis elevane vert møtte når dei kjem på ein ny skule eller andre lokale tilhøve, seier Aasbrenn.

Han legg også vekt på opplevingane dei som reiser på stafetten, får oppleve.

– Vi møter kloke og hjelpsame målfolk i alle bygdene vi kjem til, og får høyre kva dei tenkjer om målarbeidet hjå seg. Det har vi stor nytte og glede av, seier Magne Aasbrenn, som vonar nynorskstafetten kan setje spor etter seg med oppfølgingsarbeidet i etterkant.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, gjev stafettpinnen til ordførar i Nord-Aurdal, Inger Torun Klosbøle. 

Tre veker

Det er femte året Noregs Mållag og Norsk Målungdom reiser på nynorskstafett. På tre veker vitja vi 14 lokallag i til saman 16 kommunar. Turen byrja i Valdres med Sør-Aurdal, Etnedal, Vestre-Slidre, Nord-Aurdal, Øystre Slidre og Vang. Deretter stod Hallingdal for tur, med Gol, Hemsedal, Hol og Ål. Etter ein vervestogg på Voss gjekk turen vidare til Vaksdal, Bergen, Askøy, Fjell og Sund i Hordaland.

I nesten alle kommunane møtte vi ordføraren, og har alltid vorte godt mottekne. Dei fekk kvar sin stafettpinne med meldinga om at dei no er del av ein 150 år lang tradisjon om å føre nynorsken vidare. Det har dessutan vore møte med skule- og barnehageleiing, med bibliotek, næringsliv og lokallag.

Viktig for Hordaland

Live Havro Bjørnstad er tilsett i Hordaland Mållag, og var med på Nynorskstafetten for fyrste gong.

– Det var veldig lærerikt å vere med, seier Live.

– Eg lærte både kva andre i Mållaget er opptekne av, og korleis me best representerer Mållaget. Det var spanande å høyre korleis tilsette i barnehagar og skular arbeider med nynorsk.

Dei dagane Live var med på stafetten, møtte vi fleire barnehagar i nynorskområde i og rundt Bergen.

– Inntrykket mitt er at det er ulikt medvit om nynorsk. Nokre tenkjer på språk utan å ha tenkt på nynorsk i det heile. Andre har eit veldig medvite forhold til nynorsk språkstimulering.  

Æra kafé og fetevare på Askøy fekk Målblome og mykje ros frå Askøy Mållag for nynorskbruken sin. 

Møte i Bergen og på Sotra

– Bergen Mållag skipa Nynorskbar med Ingvild Brügger Budal som snakka om den nye boka si Nynorsk med dei minste, den fyrste større publikasjonen om nynorsk i barnehagen. På Sotra skipa lokallaget medlemskveld med underhaldning og rapport frå mannskapet på Nynorskstafetten.

Oppattskiping av Vaksdal Mållag

– Hordaland Mållag har som målsetnad å skipe opp att Vaksdal Mållag. Det er i dag 46 mållagsmedlemer som bur i Vaksdal, så det er allereie eit godt grunnlag, fortel Live Havro Bjørnstad. Det var diverre ikkje mange som hadde høve til å kome denne dagen, men det er mange som har vist interesse for å få opp att eit aktivt lokallag i kommunen.

Målferd

Nynorskstafetten er eit tett samarbeid mellom Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Det viktigaste bidraget til Norsk Målungdom er målferdene. Dei avtalar undervisningsopplegg på ungdomsskular og vidaregåande skular, alt etter kvar vi er. Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom, var på målferd den fyrste veka i Valdres.
Det er ein tydeleg samanheng mellom kva kommunane gjer for nynorsken og kor mange nynorskelevar det er i kommunen, seier han. Det store språkbytet i Valdres kjem på vidaregåande skule, men det er heilt tydeleg at også desse elevane er opptekne av å ta vare på dialekta, seier Fredrik Hope.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no