Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Digitalt press på opplæringslova

 (28.11.2017)

Det digitale læreboktilbodet NDLA i vidaregåande skule blir debattert heftig for tida, og det er usemje om tilbodet blir brukt så mykje i skulane at det forsvarer utgiftene til å drive det. I dette ordskiftet legg Noregs Mållag inn eit solid forsvar for NDLA.

– For dei som skriv nynorsk her i landet, gjer NDLA ein viktig jobb. Det er fordi NDLA som ein offentleg aktør konsekvent leverer det digitale læreboktilbodet på både nynorsk og bokmål, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag og tidlegare lektor i vidaregåande skule.

Sjølv om den tradisjonelle papirlæreboka framleis er mykje brukt i klasseromma, er det mange lærarar som tek i bruk digitale ressursar i undervisninga.

– Utdanningsdirektoratet, kommunane og fylkeskommunane må ta på alvor at det «daglege digitale påfyllet» fyller meir og meir av undervisningstida i alle skular, og at det meste av det må reknast som læremiddel etter lova, seier Magne Aasbrenn.

– Derfor må Utdanningsdirektoratet så snøgt som råd føre tilsyn med dette feltet, for no sit kommunane og kontrollerer seg sjølve. Det må bli skjerpa kontroll med  at skular og kommunar ikkje bryt opplæringslova.

– I ein meir og meir fragmentert lærebokmarknad er det viktig at ei ny opplæringslov vert oppdatert med dagens digitale røyndom og slår fast at alle små og store digitale læringsressursar som vert brukte i skulen, kjem på både nynorsk og bokmål, seier Magne Aasbrenn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no