Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Telemark må få språk inn i samanslåingsavtalen

 (05.12.2017)

– Når Telemark fylkesting behandlar den nye samanslåingsavtalen for Vestfold og Telemark, må dei legge inn eit punkt om språk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Fylkestinget samlast til møte i Vrådal onsdag 6. desember og torsdag 7. desember. Då skal dei handsame samanslåingsavtalen mellom Vestfold og Telemark fylkeskommune.

I avtalen må det stå at fellesnemnda skal fastsetje ein plan for språkbruk som gjer at både bokmål og nynorsk blir godt representerte i den nye fylkeskommunen. Noregs Mållag føreslår ei formulering som denne: "Fellesnemnda får i oppgåve å lage ein språkbruksplan for det samanslåtte fylket som fastset reglar for ei rimeleg veksling mellom nynorsk og bokmål."

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid uttalte for kort tid sidan til NRK at nynorsk er ein viktig del av Telemark, og at ein må ta vare på viktige omsyn for fylket, som målform og nynorsk. For å trygge dette, meiner Noregs Mållag at fylkestinget på møtet onsdag og torsdag må legge språk inn i grunndokumentet for samanslåing.

I nemnda som kjem i arbeid fram mot 2020, må telemarkpolitikarane stille krav om språkveksling i viktige politiske dokument, om offentlege innkjøp (av til dømes programvare og læremiddel), språkbruk på nettsider og annan offentleg informasjon. Fylket styrer dei vidaregåande skulane, og i det nye fylket må ein spesielt passe på at nynorskelevane får det tilbodet dei har krav på.

Det bur mange nynorskbrukarar i det nye fylket. I telemarkskulturen har nynorsken ein sentral plass, og Vestfold har òg ein levande nynorsktradisjon.

At nynorsken kjem til å stå sterkt i "Vestfold og Telemark fylkeskommune", er ei viktig ryggstø for dialektane også her på Austlandet. Telemark fylkesting har eit godt nynorskvedtak slik stoda er no. Det må vere utgangspunktet for eit godt språkkompromiss og kan ikkje bli utsletta før forhandlingane med Vestfold i det heile er i gang. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no