Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utlysing av nynorskstipend

 (05.12.2017)

Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? Noregs Mållag lyser ut to nynorskstipend à kr 50 000. Søknadsfristen er 5. februar 2018.

Føremål: Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som fremjar nynorsk på alle samfunnsområde. Stipendnemnda ser særleg positivt på søknader som har som føremål å få nynorsken i bruk på område der han frå før er lite brukt.

Kriterium for tildeling: Ei kvinne og ein mann skal tildelast kvar sitt stipend på 50 000 kroner. Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser.

Krav til søknad/prosjektbeskriving:
- problemstilling og mål
- arbeidsform/metode
- tidsplan
- budsjett
- vedlegg: CV og ev. referansar til tidlegare arbeid

Krav til sluttrapportering: Det skal leverast ein skriftleg sluttrapport (på papir og elektronisk) innan fristen. Stipendiatane må seia seg villige til å leggja fram prosjektet for styret eller andre organ etter nærare avtale.

Styret i Noregs Mållag er stipendnemnd. Send søknad og eventuell dokumentasjon på e-post til nm@nm.no, eller til Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo.

For spørsmål, kontakt Hege Lothe, konstituert dagleg leiar, på telefon 926 48 348 eller e-post hege.lothe@nm.no.

Frist for innlevering av søknad er 5. februar 2018.

Styret tek sikte på å kunngjera kven som har fått tildelt stipend i april 2018.

Frist for innlevering av ferdig prosjekt er 15. desember 2018.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no