Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Anne Lognvik får pris for god språkføring

 (05.12.2017)


Guro Kvalnes, styreleiar i Kringkastingsringen (t.v) overrekker årets pris til NRK-journalist Anne Lognvik. Foto: Inger Størseth Haarr

Om tretti år kjem folk til å seie «Eg jobba med Anne Lognvik» - og så kjem det til å gå eit sus gjennom rommet, sa Stig Bolme, redaktør i NRK Telemark under dagens prisutdeling. I dag vart Kringkastingsprisen delt ut for 40. gong – og i år gjekk prisen til Anne Lognvik i NRK Telemark.

Lognvik har sidan åttitalet jobba i NRK Telemark. Gjennom denne tida har ho arbeida på underkontoret i Seljord, vore distriktsredaktør i NRK Telemark og innom Norge Rundt.

Ho har arbeida som journalist på alle plattformar, og leverer godt alle stader, seier styreleiar i Kringkastingsringen Guro Kvalnes.
Breidda i saker ho har dekt strekk seg frå rettsaka mot Anders Behring Breivik, til bygdekveldar og intervjuer med drotninga.

Årets prisvinnar har synt at dialekta hennar og nynorsk er eit mediespråk, som høver i alle samanhengar, seier Guro Kvalnes.
Anne Lognvik er eit språkleg førebilete. Hennar språklege tryggleik gjev andre tryggleik i sitt eige språk, med si eiga dialekt, held ho fram.

Språket mitt er mine kulturelle røter, seier Anne Lognvik, som tykkjer det er ei stor ære å motta Kringkastingsprisen.

Kollegaene skryt av Lognvik og fortel at ho er den mest produktive journalisten i redaksjonen, og den mest profilerte journalisten i NRK Telemark. For mange lyttarar og sjåarar er ho synonymt med NRK Telemark. Petter Stordalen sa i samband med NRK Telemarks 40-årsjubileum at «heile meg smiler innvendig når eg høyrer Anne Lognvik på radioen», og han er nok ikkje den einaste som kjenner det slik.

Juryen trekk fram i grunngjevinga si at Lognvik har med sin støe nynorsk og trygge raulandsdialekt, gjennom mange år, ført det norske språkmangfaldet til mange heimar i Telemark, og i Noreg.
Telemark er eit fylke med store variasjonar. Med Seljord og Bø som over lengre tid har vore under press frå nærliggande bokmålsområder. Lognvik er med på å styrke dialekttryggleiken i Telemark, avsluttar Guro Kvalnes.

Kringkastingsringen er ein interesseorganisasjon som sidan stiftinga i 1955 har vore pådrivar for at medieverksemdene skal føre ein språkpolitikk som speglar språkmangfaldet i Noreg og for at styresmaktene skal leggje forholda til rette for at vi skal få eit godt og mangfaldig språk i media. Kringkastingsprisen har blitt delt ut sidan 1978. Prisen går til ein person som har merkt seg med eit god mediespråk, i radio eller fjernsyn, eller begge deler. Og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Prisen er eit trykk av Per Kleiva.

Tidlegare prisvinnarar finn du her.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no